Parelius Meyer Mentsen () var ein norsk fagforeiningsmann frå Ballangen. Han var leiar for Landsorganisasjonen i Noreg i perioden 1965 til 1969.

Mentsen var bygningsmann og vart med tida formann og oppsynsmann i faget. Frå 1936 var han sekretær for samorganisasjonen i Finnmark. Under 2. verdskrigen deltok han i illegalt arbeid og vart arrestert ein gong, men sleppt fri etter kort tid.

I 1946 fekk Mentsen stilling som LO-sekretær ved hovudkontoret i Oslo. Fire år seinare vart han vald til nestformann i LO, ein posisjon han hadde til han tok over som øvste leiar i Landsorganisasjonen i 1965, og styrte organisasjonen i fire år.

Gjennom sine år i LO-leiinga var han mellom anna medlem i Rikslønnsnemnda, i rådet for Distriktenes utbyggingsfond og Statens likelønnsråd. Han var elles styremedlem i Arbeiderbladet, Folk og Forsvar og Sydvaranger Gruve.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Parelius Mentsen» frå , den 22. mars 2016.

Kategori:LO-leiarar Kategori:Folk frå Ballangen