Olav Gullvåg () var ein norsk forfattar frå Trondheim.
Gullvåg sitt mest kjende verk er Spelet om Heilag Olav, eit sogespel, som vert spela kvart år på Stiklestad. Stykket byggjer på de tre eldre skodespela Natterast på Sul (1952), Føre slaget (1954) og Stiklestad (1960). Elles har Gullvåg skrive eit stort tal lettare skodespel med tanke på framføring i ungdomslag.
Av romanane er Det byrja ei jonsoknatt (1937) og framhaldet Kongens nåde (1939) mest kjende. Den dramatiske handlinga går føre seg i Telemark på 1700-talet, og har kjærleik på tvers av standsgrenser som sentralt tema. Romanserien er på ti bind, og vert avslutta med Levi Lenning og hans hus, 1959. Romanen Lagnads-natta (1956) er ikkje del av serien.Romanane vart tidleg omsett til ei lang rad språk.
Verk av Gullvåg er omsett til svensk, dansk, islandsk, engelsk, tysk, russisk, nederlandsk, fransk, tsjekkisk, ungarsk og latvisk. I 1938 vann han Melsom-prisen.
Verkliste Romanar Kaptein Skugge : fantastisk forteljing um krigen millom Russland og Noreg i 1950. 1911 (under pseud. Johan Visionary) Den gule marquis : ei soga fraa storkrigen 1915. 1915. (under pseud. Kaare Gullveng) Antaios, 1916 Jarnbyrd, 1922 Hav-ørna, 1925 (under pseud. Kaare Gullveng) Det byrja ei jonsoknatt, 1937 Kongens nåde, 1939 Halvmåneblåsaren, 1941 Sigerhuva, 1945 Drivtømmer, 1947 Ariadne, 1949 Brattøra, 1951 Her hender det ingenting, 1953 Det bortkomne manuskriptet, 1955 Lagnads-natta, 1956 Levi Lenning og hans hus, 1959
Dikt Song i storm, 1918 Paa tvomannhand, 1924 På viddene, 1934 Bak blånane, 1942 Villvin, 1946 Skrift i sand, 1960 Skodespel Rabies politica, eller Politisk galenskap, 1914 (under pseud. Rabelais) Ordet, 1917 Haaløygabrand, 1919 Jammerdalen, 1922 Fanitullen, 1926 Godt gifte, 1927 Hemnaren, 1938 Natterast på Sul, 1952 Tusse-tonen, 1953 Føre slaget, 1954 Stiklestad, 1960 Sakprosa Menneske og helgen : Olav Haraldson, 1946
Bakgrunnsstoff
Litteratur om Gullvåg Eivind Hasle: Olav Gullvåg : bladmann og bokmann : (1885-1961). (2015) Forfattaren er dotterson av Olav Gullvåg.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Leiarar i Unge Venstre Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Folk frå Trondheim