Alan John Percival Taylor () var ein framståande britisk historikar. Han er særleg kjend for boka The Origins of the Second World War, der han mellom anna hevda at sterkaste kimen til utbrotet av andre verdskrigen i september 1939 låg i det utilstrekkelege i Versailles-traktaten, og ikkje i ein målbevisst plan frå Adolf Hitler si side. Seinare gav han ut bestseljaren English History 1914–1945. I England var Taylor frå 1950-åra ein allment kjend aktør i både avis- og kringkastingsmedia.
Liv Taylor vart fødd i Birkdale og voks opp i Lancashire der han gjekk på ymse kvekar-skular og på ein skule i York. I 1924 byrja han studere moderne historie ved Oriel College i Oxford. Dei rike foreldra hans hadde radikale, venstreorienterte synspunkt, oppfatningar som han vidareførte. Foreldra hans var pasifistar som ope gjekk mot fyrste verdskrigen, og sende sonen sin til kvekar-skular for slik å protestere mot krigen.
På 1920-talet var mor hans medlem av Komintern, og ein onkel var mellom skiparane av det britiske kommunistpartiet. Mora, Constance Taylor, var suffragette, feminist og tala for fri kjærleik, noko ho praktiserte gjennom ei rad utanomekteskaplege forhold. Det mest kjende forholdet hadde ho med Henry Sara, ein kommunist som i mange år på sett og vis var Taylor sin surrogat-far. Taylor sjølv vart, medan han var på Oriel, rekruttert til Kommunistpartiet av ein venn av familien. Frå 1924 til -26 var han medlem av Kommunistpartiet, han braut så med partiet for den, etter hans syn, ineffektive posisjonen den samtidige generalstreiken vart møtt med. Etter han forlet Kommunistpartiet var han resten av livet ein ihuga tilhengar av Arbeidarpartiet (Labour). Trass i brotet med kommunistane vitja han Sovjetunionen i 1925 og på ny i 1934, og var mykje imponert ved begge desse høva.
Taylor tok eksamen ved Oxford i 1927. Han byrja etterkvart å forske på samlinga av Italia, eit arbeid som resulterte i hans fyrste bok; The Italian Problem in European Diplomacy 1847-49, eit verk som kom ut i 1934. Seinare arbeidde han på eit stort verk om keisardømmet Austerrike-Ungarn. I boka The Habsburg Monarchy 1809-1918, som kom ut i 1941, hevdar Taylor at Habsburg-keisarane såg på rika dei rådde over einast som ein reiskap til å føre utanrikspolitikk, dei evna såleis aldri å kunne byggje ein sann nasjonalstat. For å halde riket saman søkte leiarskapen tilflukt i å spele dei etniske gruppene ut mot einannan, samt fremje tysk og madjarsk hegemoni over dei andre folkegruppene i Austerrike-Ungarn.
Taylor underviste i historie ved universitetet i Manchester til 1938, då han fekk ei stilling ved Magdalen College i Oxford. Denne stillinga hadde han til 1964, då han vart nekta å fornye åremålet sitt. Sidan underviste han ved både Institute of Historical Research, University College og Polytechnic College of North London, alle tre institusjonane ligg i London. I Oxford var han ein usedvanleg populær forelesar; han var nøydd å starte leksjonane sine klokka 8.30 for å unngå at romet skulle vere overfylt.
Tidleg i 1930-åra var Taylor med i ei venstreorientert pasifistforeining kalla Manchester Peace Council, ei gruppering som han dann og vann var offentleg talsmann for. Fram til 1936 var han motstandar av britisk opprusting, ettersom han meinte at eit opprusta Storbritannia ville kome til å alliere seg med Tyskland mot Sovjetunionen. Etter 1936 gjekk han derimot inn for britisk opprusting, då for å møte det han såg som nazi-trusselen, han tala då for ein britisk-sovjetisk allianse for å ha overtaket på Tyskland. I 1938 fordømde han München-avtalen på fleire folkemøte.
Andre verdskrigen og den kalde krigen Under andre verdskrigen gjorde Taylor teneste i heimevernet. Samstundes vart han kjend med austeuropeiske statsmenn i eksil; den tidlegare presidenten i Ungarn, Mihaly Karolyi, og presidenten i Tsjekkoslovakia; Edvard Beneš. Vennskapane med desse hjelpte han til å forstå regionen dei kom frå. Vennskapen med Beneš og Karolyi kom også til uttrykk i dei vennlege portretta han gav av dei, særleg Karolyi, som han portretterte som ein helgenaktig figur. På same tid arbeidde han for PWE som ein ekspert på Sentral-Europa, og innimellom tala han i radioen og på ulike møte. Gjennom krigsåra prøvde han å få britiske styresmakter til å anerkjenne Josip Broz Tito sine partisanar som legitim regjering i Jugoslavia. Andre verdskrigen forsterka dei pro-sovjetiske kjenslene til Taylor, og han vart alltid takksam for Den raude hær si rolle i øydelegginga av Nazi-Tyskland. Frå 1941 var han overlukkeleg over at Sovjetunionen vart Storbritannias allierte, då det var i samsvar med hans eige ynskje om ein britisk-sovjetisk allianse. Etter 1945 var han svært skuffa over at Storbritannia valde USA og ikkje Sovjetunionen som sin viktigaste allierte.
Livet gjennom var Taylor positiv til den utanrikspolitikken Sovjetunionen førte, sjølv om han var sterkt kritisk til stalinismen. Han var mykje kritisk til undertrykkinga i Sovjetunionen. I 1948 deltok han på og gjorde sitt beste for å sabotere ein stalinistisk kulturkongress i Wroclaw i Polen. Taylor skulda USA for den kalde krigen, og i 1950- og 1960-åra var han ein av dei leiande i kampen for atomnedrusting.
Taylor sitt spesialfelt var sentraleuropeisk og britisk historie, framom alt diplomathistorie under Habsburg-dynastiet og Otto von Bismarck. Han hyste sterke antityske synspunkt, og vart i 1944 forbigåande nekta sendetid hos BBC, etter han i ein serie radioforedrag gav til kjenne sine antityske kjensler. I boka The Course of German History, utgjeven i 1945, hevda han at nasjonalsosialismen var ei uunngåeleg fylgje av all tysk historie, med røter heilt tilbake til dei tyske stammesamfunna. Taylor var ein tidleg forkjempar for den såkalla Sonderweg-tolkinga av tysk historie; tysk kultur og samfunn utvikla seg gjennom hundreåra på ein måte som gjorde Nazi-Tyskland uunngåeleg. Særleg skulda han tyskarane for ein uavbroten «Drang nach Osten», mot dei slaviske folkegruppene heilt sidan Karl den store sine dagar. Nazistane si rase-imperialisme var for Taylor eit framhald av ein politikk som alle tyske herskarar hadde ført. Boka var ein suksess både i heimlandet og i USA.
Offentleg intellektuell Taylor var ein framifrå skribent og skreiv fleire dusin bøker og hundrevis av artiklar. Han tok til med dette i 1931, då han var bokmeldar for Manchester Guardian, frå 1957 var han spaltist i The Observer. I 1963-64 var han spaltist i Daily Express, der han i sin fyrste artikkel skulda fleirtalet av tyskarane for framleis å vere nazistar i hjartet, og argumenterte for at EEC var lite meir enn eit forsøk frå Tyskland i å oppnå ved handel det landet hadde mislukkast å vinne med våpen under dei to verdskrigane.
Gjennom desse skriveria utvikla han termen etablissementet for å skildre eliten i Storbritannia. Den 29. august 1953 publiserte han i New Statesman ei bokmelding om ein biografi over William Cobbett. I denne skreiv Taylor at «etablissementet trekker inn rekruttar utanfrå, så snart dei er klare til å tilpasse seg standardane og verte respektable. Ingenting er meir behageleg i livet enn å slutte fred med etablissementet – og ingenting meir fordervande». Taylor var motstandar av det britiske imperiet og gjekk mot at Storbritannia skulle delta i NATO og EEC. Han kravde at Storbritannia skulle trekke seg tilbake frå Nord-Irland. I 1975 argumenterte han i ein tale i Dublin at det ville vore det beste for Storbritannia om regjeringa i London ville late IRA, som han såg på som fridomskjemparar, utvise heile den protestantisk-unionistiske befolkninga, nett slik Tsjekkoslovakia gjorde med dei etniske tyskarane i Sudetenland etter andre verdskrigen.
På 1950-talet oppstod eit vennskap mellom Taylor og Lord Beaverbrook, og fyrstnemnde skreiv om sistnemnde. Beaverbrook var ein konservativ person som kom inn i politikken som støttespelar for Andrew Bonar Law. Law var nær knytt til eliten i Nord-Irland, Beaverbrook trufast støttespelar for det britiske imperiet. Trass i at Taylor gjennom sine skriveri uttrykte avsky for dei fleste politikarane, var han fascinert av politikk og politikarar og pleidde kontaktar med dei som sat med makt. Ved sidan av Beaverbrook, som Taylor treivst godt i lag med, var Michael Foot favoritt-politikaren hans, ein kar Taylor ofte omtala som den største statsministeren Storbritannia aldri hadde.
Utanrikspolitisk var Taylor motstandar av Vest-Tyskland, han såg landet som ein farleg nynazistisk stat. I 1956 demonstrerte han mot Suez-krisa, men ikkje mot at Sovjetunionen knuste den ungarsk revolusjonen same året. Han meinte invasjonen berga Ungarn frå at admiral Miklós Horthy kom til makta att. Han støtta Israel, som han oppfatta som eit moderne sosialdemokrati, truga av reaksjonært arabisk diktaturstyre. Han fordømde både Koreakrigen og Vietnamkrigen. I 1950 vart han hindra å kome til i BBC, då han prøvde kringkaste ein radiotale imot britisk deltaking i Koreakrigen.
Taylor var fryktlaus i å fremje upopulære saker. I 1980 trekte han seg frå det britiske akademiet, i protest mot at kunsthistorikaren og den tidlegare sovjetspionen Anthony Blunt vart ekskludert, i hans augo eit utslag av mccarthyisme. I eigenskap av historikar fremja han mindre hemmeleghald i statsstyringa og kjempa for fleire privateigde fjernsynsstasjonar. Erfaringane med BBC hadde fått han til å sjå verdet i å ha tilgang til fleire kringkastarar. Graderinga av regjeringsdokument vart elles senka frå 100 års hemmeleghald til 30 år, Taylor hadde gått inn for 20 år som ein passande regel.
Historiefilosofi Taylor hadde ei populistisk innstilling til historiefaget. Han meinte at historie skulle vere open for alle og var glad i merkelappane som folkets historikar og kvarmanns historikar. Framstillingane hans var spekka med ironi og humor som skulle både underhalde og opplyse. Han likte å undersøke historia frå sjeldne vinklingar, og avsløre det han oppfatta som pompøst hos historiske aktørar. Særleg var han kjend for sine taylorismer; vittige og epigrammatiske og somme gongar kryptiske utsegner som var meint å avsløre det han oppfatta som absurditetar og paradoks i moderne internasjonale kontaktar. I fjernsynsprogrammet hans om Benito Mussolini i 1970 sa han at diktatoren «heldt fram med arbeidet sitt, ved å gjere ingenting».
Taylor var ein av dei historikarane som tidleg deltok på fjernsyn. Han byrja som paneldeltakar i BBC-programmet «In the news» åra 1950-54. Her fekk han ry som ein deltakar med ein argumenterande stil. Frå 1955 til 1961 deltok han i det konkurrerande programmet «Free Speech» på ITV. Desse åra laga og leia han nokre halvtimes historieleksjonar over ymse tema, program som nådde eit stort publikum.
Taylor deltok fleire gongar i debattar med den høgre-orienterte historikaren Hugh Trevor-Roper. Dei to hadde vore venner, men i 1957 søkte begge det same ledige professoratet i Oxford. Den konservative statsministeren, Harold Macmillan, tildelte Trevor-Roper stillinga.
I 1954 gav Taylor ut meisterverket The Struggle for Mastery in Europe 1848-1918, ei bok han fylgde opp med The Trouble Makers i 1957. Den siste boka var ein kritisk studie av britisk utanrikspolitikk, og gav oppreising til folk som hadde kritisert utanrikspolitikken til regjeringa. The Trouble Makers var den boka han var aller mest nøgd med. I 1961 kom han ut med den boka som vekte mest strid; The Origins of the Second World War, eit verk som gav han ry som revisjonist.