Inge Thun () var ein norsk fotball- og bandyspelar frå Drammen som vann fem norske meisterskap i bandy og tre i fotball, og eitt seriemeisterskap i fotball, alt saman med Strømsgodset Idrettsforening.
Karriere Fotball Thun var målvakt på Strømsgodset fra 1962 til 1977. Han var med på å spele laget opp frå 4. divisjon i 1963 og til 1. divisjon i 1967. Deretter vakta han målet i SIF i 10 år i toppserien, og vart cupmeister i 1969, både serie- og cupmeister i 1970, og cupmeister i 1973. Thun spelte 329 obligatoriske fotballkampar for Strømsgodset. Han var landslagsmålvakt i tre kampar i 1968 og 1969, og fekk sin fjerde og siste landskamp mot Finland sommaren 1974.
Bandy På bandybanen spelte Thun ving på SIF-laget som sikra seg fem NM-titlar i tida mellom 1963 og 1970. Han deltok i 13 landskampar, og var med på laget som tok sølv i verdsmeisterskapen 1965 i Moskva.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Inge Thun» frå , den 27. april 2016.
Kategori:Norske bandyspelarar Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Strømsgodset-spelarar Kategori:Folk frå Drammen