Finn Moe () var ein norsk politikar og journalist frå Bergen, som representerte Oslo og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1950 til 1969.

Liv og gjerning Moe var son til ein tannlækjar i Bergen. Sjølv utdanna han seg i 1920-åra ved lærestader i Frankrike; Rouen og Paris. Åra 1927-29 var han Arbeiderbladet sin korrespondent i Berlin, deretter styrte han Arbeidernes pressekontor i tre år. Frå 1932-40 var han journalist i Arbeiderbladet, der han arbeidde med utanriksstoff.

Moe rømde landet i 1940 og var 1941-43 sjef i Norsk kringkastingsteneste i USA og 1943-45 pressekonsulent ved Utanriksdepartementet i London. Sommaren 1945 var han norsk utsending til kommisjonen som førebudde skipinga av Sameinte Nasjonar. Fram til 1946 arbeidde i SN eller med SN-saker. Han var norsk SN-ambassadør 1948-49, og var såleis medlem av Tryggjingsrådet.

Hausten 1949 vart Moe vald til stortingsrepresentant for Oslo fylke og Arbeidarpartiet, og sidan attvald fire gongar. I alle fem valperiodane var han med i Utanriks- og konstitusjonskomitéen. Han var formann i komiteen dei fire fyrste periodane, etter Arbeidarpartiet tapte regjeringsmakta i 1965 var han nestformann i komiteen dei siste fire åra på Stortinget.

Moe skreiv og gav ut eit titals bøker og publikasjonar, mest om internasjonale spørsmål, men også om arbeidarrørsla.

Kjelder Stortinsgbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Oslo