Serbia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke fjorten gongar. Serbia deltok tidlegare som ein del av Jugoslavia, sidan som ein del av Serbia og Montenegro, og frå 2007 som ein sjølvstendig nasjon. Serbia vann tevlinga på sitt aller fyrste forsøk som eigen nasjon; ingen andre land har klart å vinne Eurovision Song Contest på fyrste forsøk. Serbia har aldri kome sist, men har tre gongar ikkje kvalifisert seg til finalen.
Historikk Serbia var tidlegare ein del av Jugoslavia, som deltok i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992. I 1991 lausreiv Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Makedonia seg frå landet, og Serbia og Montenegro var i praksis dei einaste som deltok som Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1992. Åra etter og fram til 2003, fekk ikkje landet deltake i Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske sjølvstendekrigen.
Føderasjonen Serbia og Montenegro søkte om å få deltake i Eurovision Song Contest igjen i 2003, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) avslo søknaden og begrunna det med at for mange land ville bli ståande utafor finalen om ein slapp inn fleire nye land. I 2004 innførte EBU semifinale i Eurovision Song Contest, og dimed fekk Serbia og Montenegro deltake for fyrste gong. I 2006 vart føderasjonen Serbia og Montenegro oppløyst etter ein montenegrinsk folkeavrøysting om lausrivelse. Montenegro erklærte sin sjølvstende i juni 2006, og den tidlegare føderasjonen vart delt opp i to sjølvstendige nasjonar: Montenegro og Serbia. Begge landa debuterte som sjølvstendige land i Eurovision Song Contest 2007.
Vann i debuten I 2007 debuterte Serbia som ein sjølvstendig nasjon, og balladen til Marija Šerifović, «Molitva», vann tevlinga etter å ha fått 268 poeng. Serbia vart med det det fyrste landet til å vinner Eurovision Song Contest på fyrste forsøk, sidan Sveits vann den aller fyrste utgåva av tevlinga i 1956. Som fylgje av sigeren til Šerifović vart Eurovision Song Contest 2008 arrangert i hovudstaden til Serbia, Beograd. Som arrangør var Serbia direktekvalifisert til finalen, og det serbiske bidraget, Jelena Tomašević og songen «Oro», enda til slutt på ein sjetteplass.
I 2009 kvalifiserte ikkje Serbia seg til finalen, og to middels plasseringar følgde i 2010 og 2011. I Baku i 2012 var landets berømte songar og komponist, Željko Joksimović, tilbake og sikra Serbia ein tredjeplass i finalen. Den førebels dårlegaste plasseringa til Serbia kom året etter då Moje 3 og songen «Ljubav je svuda» berre vart nummer 11 i sin semifinale. Dette var andre gongen Serbia ikkje kvalifiserte seg. Fire år seinare, i 2017, vart rekorden tangert, då Tijana Bogićević og songen «In Too Deep» også kom på ellevteplass i sin semifinale.
I 2009 kvalifiserte ikkje Serbia seg til finalen, og to middels plasseringar følgde i 2010 og 2011. I Baku i 2012 var den kjende songaren og komponisten Željko Joksimović tilbake og sikra Serbia ein tredjeplass i finalen. Den foreløpig dårlegaste plasseringa til landet kom året etter då «Ljubav je svuda» av Moje 3 berre blei nummer 11 i den første semifinalen. Dette var andre gong Serbia ikkje kvalifiserte seg til finalen.
Etter den serbiske debuten i 2007, har Serbia berre stått utanfor tevlinga éin gong. Hausten 2013 annonserte den serbiske kringkastaren Radio-televizija Srbije (RTS) at landet ikkje kom til å deltake i tevlinga i 2014. Årsaka var den anstrengte økonomiske situasjonen til tv-kanalen og mangel på sponsorar. Men Serbia sendte alle tre showa og kom tilbake til Eurovision Song Contest igjen i 2015.
Bidrag i Eurovision Song Contest År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 2007 Marija Šerifović «Molitva» Serbisk 268 1 298 1 2008 Jelena Tomašević med Bora Dugić «Oro» Serbisk 160 6 colspan="2" 2009 Marko Kon og Milaan «Cipela» Serbisk colspan="2" 60 10 2010 Milan Stanković «Ovo je Balkan» Serbisk 72 13 79 5 2011 Nina «Čaroban» Serbisk 85 14 67 8 2012 Željko Joksimović «Nije ljubav stvar» Serbisk 214 3 159 2 2013 Moje 3 «Ljubav je svuda» Serbisk colspan="2" 46 11 2014 colspan="7" 2015 Bojana Stamenov «Beauty Never Lies» Engelsk 53 10 63 9 2016 Sanja Vučić ZAA «Goodbye (Shelter)» Engelsk 115 18 105 10 2017 Tijana Bogićević «In Too Deep» Engelsk colspan="2" 98 11 2018 Sanja Ilić og Balkanika «Nova Deca» Serbisk 113 19 117 9 2019 Nevena Božović «Kruna» Serbisk 89 18 156 7 Hurricane «Hasta la vista» Serbisk colspan="4" 2021 Hurricane «Loco Loco» Serbisk 102 15 124 8 2022 Konstrakta «In corpore sano» Serbisk og latin 312 5 237 3 2023 Luke Black «Samo mi se spava» Engelsk og serbisk 30 24 37 10 2024 Teya Dora «Ramonda» Serbisk 54 17 47 10 2025 Princ «Mila» Serbisk colspan="2" 28 14 2026 «» Serbisk
Røystehistorikk Finalane (2007–2022)
+ Serbia har gjeve flest poeng til# Land Poeng 01 82 02 73 03 68 04 66 05 61
+ Serbia har fått flest poeng frå# Land Poeng 01 150 02 138 03 131 04 129 04 110
Semifinalane (2007–2019)
+ Serbia har gjeve flest poeng til# Land Poeng 01 89 02 88 03 72 04 59 05 57
+ Serbia har fått flest poeng frå# Land Poeng 01 86 02 80 03 69 04 68 05 65
Galleri
Vertskap ÅrStadArenaProgramleiarar 2008 Beograd Beogradska Arena Jovana Janković og Željko Joksimović
Sjå òg Serbia i Junior Eurovision Song Contest Jugoslavia i Eurovision Song Contest Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest Serbia og Montenegro i Junior Eurovision Song Contest
Referansar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Serbia i Eurovision Song Contest» frå , den 20. mars 2021.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest