«What You Get Is What You See» er ein song av Tina Turner frå albumet hennar Break Every Rule (1986). Songen vart skriven av Terry Britten og Graham Lyle og var ganske annleis dei tre tidlegare singlane dei hadde skrive for Turner, «What's Love Got to Do with It», «We Don't Need Another Hero» og «Two People», sidan han var ein raskare country-aktig rockelåt med Eric Clapton på gitar.

12"-singelen inneheld tre versjonar av songen, ein Extended Dance Mix, Extended Rock Mix og eit konsertopptak frå London i november 1986. Eit anna konsertopptak av songen vart seinare nytta som opningssporet på konsertalbumet Tina Live in Europe i 1988. «What You Get Is What You See» vart populær i Australia, der han i 1989 vart nytta i ein reklamekampanje for New South Wales Rugby League. Dei brukte seinare Tina Turner-songen «The Best» i ein annan kampanje. Tina Turner har sagt i eit intervju at «What You Get is What You See» er favorittsongen hennar frå albumet.

Versjonar og miksar 7" edit – 3:48 Albumversjonen – 4:31 Extended Dance Mix – 6:28 Extended Rock Mix – 5:56

Lister Vekeslister Liste (1987) PlasseringAustralia (Kent Music Report) 15scope="row" scope="row" Europa (Europaan Hot 100 Singles) 18Tyskland (GfK Entertainment) 17scope="row" scope="row" scope="row" Liste (1989) PlasseringAustralia (ARIA Singles Chart) 57

Årslister Liste (1987) PlasseringAustralia (Kent Music Report) 92

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «What You Get Is What You See» frå , den 13. mai 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1987 Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Songar skrivne av Graham Lyle Kategori:Songar skrivne av Terry Britten Kategori:Capitol Records-singlar