Knut Ytre-Arne () var ein norsk lærar og politikar frå dåverande Haus herad i Hordaland som representerte Venstre på Stortinget frå 1949 til 1969.
Ytre-Arne var son til ein gardbrukar. Han gjekk på Fana Folkehøgskule og 1916-18 på Jordbruksskulen på Stend. Etter skuleåret 1920/21 ved Statens småbrukslærerskole underviste han frå 1922 i 16 år ved ulike småbruks- og jordbruksskular, for det meste busett i Meland herad. Åra 1939-47 var han vandrelærar i jord- og husdyrbruk i Hordaland. Til sist var han 1948-66 fylkesagronom i Hordaland.
Ytre-Arne var varaordførar i Fana kommune i tida 1945-55. Då stortingsmann Nils Tveit døydde i juli 1949, rykte Ytre-Arne frå varamannsplass inn på Stortinget. Same hausten 1949 vart Ytre-Arne vald til stortingsrepresentant frå Hordaland for partiet Venstre, og vart attvald i 1953, 1957 og 1961. Han var i alle år på Stortinget medlem i Landbrukskomiteen, frå hausten 1959 var han sekretær i komiteen.
Ytre-Arne var aktiv i fråhaldsrørsla, og vart i 1965 tildelt Klostermedaljen. Mellom anna var han 1943-50 formann i Hordaland fylke av Det norske totalavholdslag og 1946-58 i Edruskapsnemnda i Hordaland, og medlem 1949-67 i Avholdsfolkets landsnemnd.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Lokalpolitikarar i Fana Kategori:Venstrepolitikarar i Hordaland Kategori:Folk frå Bergen