«On Silent Wings» er ein song av Tina Turner med gjestevokal frå Sting. Singelen kom ut i april 1996 for å marknadsføre albumet Wildest Dreams. Singelen gjorde det ganske bra på Adult Contemporary-lista i USA, der han nådde 24. plassen. Singelen vart ein større suksess i Storbritannia og nådde 13. plassen på lista der. Singelen inneheldt ein countryaktig singelversjon med meir gitar på. Denne versjonen kom seinare ut på samleplata All the Best i 2004, i tillegg til andre alternative versjonar av songen.
Dance-versjonen av «On Silent Wings» var remiksa av Soul Solution og nådde 47. plassen på den amerikanske dance-lista.
På musikkvideoen til singelen står Turner på kanten av ei klippe kledd i ein kvit kjole. Innimellom vert det synt klipp frå konsertopptak.
Versjonar og miksar Albumversjon – 6:12 Singelversjon – 4:22 Alternative versjon – 4:21 Soul Solution Club Mix – 8:32 Soul Solution Instrumental – 8:32 Soul Solution Percappella – 8:32 Soul Solution Radio Edit – 3:51
Lister
Vekeslister Liste (1996–97) Plasseringscope="row" scope="row" scope="row" Europa (European Hot 100 Singles) 45Tyskland (GfK Entertainment) 55scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row"
Årslister Liste (1997) PlasseringCanada Adult Contemporary (RPM) 88
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «On Silent Wings» frå , den 17. mai 2016.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1996 Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Sting-songar Kategori:Songar skrivne av Tony Joe White Kategori:Songar produserte av Trevor Horn