Darwin er eit månekrater av typen som er kategoeisert som ei slette med vegg. Det ligg søraust på månen, og er nær nok kanten til at det verkar å vere forkorta når ein ser det frå jorda. Ved sørkanten av krateret ligg Lamarck. I nordaust ligg det mørke krateret Crüger.
Ytterkanten av denne formasjonen er blitt kraftig nedsliten av dei nærliggande nedslaga. Den sørlege og nordlege delen av kanten er særleg øydelagde. Austkanten er nedsliten, men intakt, og fleire småkrater ligg langs sørvestkanten. Satellittkrateret Darwin B er ein forholdsvis stor formasjon med diameter på 56 kilometer, og ligg langs den ytre vestkanten.
Delar av den indre botnen av Darwin har blitt endra med tida. Den sørlege botnen er berre grovt sett jamn, med irregulære flater og fleire mindre småkrater. Det ligg nokre sanddyneliknande åsar nordaust på botnen, som er overflatemateriale frå Orientale-havet som råka austkanten.The geologic history of the Moon, 1987, Wilhelms, Don E.; with sections by McCauley, John F.; Trask, Newell J. USGS Professional Paper: 1348. (online), Figure 7.8 I vest står det ein stor, låg og noko ujamn dom, eit av få trekk ein ikkje finn i eit hav. Det finst òg restane av eit lite krater i sørenden av botnen.
Eit system av riller har skore seg over nordenden av botnen, og kryssar austkanten og held fram søraustover. Desse rillene har namnet Rimae Darwin, og dei strekkjer seg i ein avstand på kring 280 kilometer. Aust for Darwin kryssar dette rillesystemet Rima Sirsalis, ei brei rille som følgjer ei linje nordaustover.
Satellittkrater Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Darwin.
Darwin BreiddegradLengdegradDiameterA21.8° S73.0° W24 kmB19.9° S72.2° W56 kmC20.5° S71.0° W16 kmF21.0° S71.0° W18 kmG21.5° S70.7° W17 kmH21.0° S68.8° W30 km
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Darwin (lunar crater)» frå , den 23. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff LPOD — Happy Birthday, Darwin! (Darwin crater and vicinity viewed frå jorda)
Kategori:Ringfjell på månen Kategori:Oppkallingar etter Charles Darwin