mini|Kongedømet Qataban (lyseblått) kort tid fødet det falt på 100-talet fvt. mini|Bronseløve med ryttar laga av qatabanarane kring 75-50 fvt. Qataban eller Katabania (arabisk مملكة قتبان) var eit jemenittisk kongedøme i antikken. Hjartet låg i Baihandalen. Som andre sørarabiske kongedømet voks det seg velståande på handel med røykjelse og myrra, som vart nytta ved altera. Hovudstaden Qataban vart kalla Timna og låg langs handelsruta som passerte gjennom dei andre kongedøma Hadramaut, Saba og Ma'in. Den største byen til qatabanarane var Amm, eller «Onkel» og folket kalla seg sjølv «barn av Amm».

Det var det viktigaste jemenittiske kongedømet på andre halvdel av det første tusenåret fvt., då herskaren hadde tittelen mukarrib, som tydde «konge over kongar».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Qataban» frå , den 28. mai 2016. oppgav desse kjeldene: Alessandro de Maigret. Arabia Felix, translated Rebecca Thompson. London: Stacey International, 2002. ISBN 1-900988-07-0 Andrey Korotayev. Ancient Yemen. Oxford: Oxford University Press, 1995. ISBN 0-19-922237-1. Andrey Korotayev. Pre-islamic Yemen. Wiesbaden: Harrassowitz Verlag, 1996. ISBN 3-447-03679-6. Andrey Korotayev. Socio-Political Conflict in the Qatabanian Kingdom? (A re-interpretation of the Qatabanic inscription R 3566) // Proceedings of the Seminar for Arabian Studies 27 (1997): 141–158.

Kategori:Jemenittisk historie Kategori:Jemenittisk geografi Kategori:Den arabiske halvøya