Al Zubair-øyane eller Zubayrøyane (arabisk مجموعة جزر الزبير eller berre جزر الزبير) er ei øygruppe på 10 vulkanske øyar over ein skjoldvulkan i Raudehavet. Øyane høyrer til Jemen. Det høgaste punktet i øygruppa er 191 meter over havet. Vulkanen har hatt fleire utbrot gjennom historia.

Øyar Den største øya er Zubair, som er ei av dei yngre øyane. Andre øyar er Centre Peak, Saba, Haycock og Saddle. Saddle-øya har hatt fleire utbrot i historisk tid.

Vulkanen har oppstått over ei riftlinje som går frå nord-nordvest til sør-søraust. Han byrja med ein periode eksplosive utbrot, før det vart ein rolegare periode, då øyane vart erodert ned av havet. Sidan følgde ein periode med både eksplosive og effusive utbrot, som bygde opp øyane som finst i dag.

Historiske utbrot

1824

Eit lite (VEI 2) utbrot fann stad i 1824 på Saddle-øya med låg eksplosiv aktivitet. Det kan ha vore eit utbrot her den 14. august 1846, men dette er uvisst.

2011-2012

Eit vulkanutbrot byrja den 19. desember 2011 frå havbotnen. Satellittbilete synte ei røyksøyle i havet mellom Haycock- og Rugged-øyane. Fiskarar rapporterte om lava som stod 30 meter over havet. Det undersjøiske utbrotet danna ei ny øy i gruppa, mellom Rugged- og Haycock-øya. Vatn som rann ned i ventilen skapte eit Surtsey-utbrot som førte til at det vart sendt opp mykje damp og oske.Nasa picture

Den 12. januar 2012 hadde den nye øya vokse til rundt 530 gonger 710 meter og byrja som eit effusivt utbrot. Øya fekk namnet Principato di San Bernardino.

Satellittbilete frå 15. januar 2012 synte at utbrotet hadde stoppa og den nyfødde øya låg att. Seinare satellittbilete har synat den nye øya har ein kraterinnsjøe.

2013

Den 28. september 2013 byrja eit nytt undersjøisk utbrot sørvest for utbrotet frå 2011-2012. Utbrotet fann stad mindre enn 100 meter under havoverflata.Volcanic activity worldwide 29 Sep 2013: Sakurajima, Jebel Zubair, Etna (Volcano Discovery, Sep 29, 2013) Aktiviteten på staden heldt fram inn i oktober og store dampsøyler var synlege i området.Jebel Zubair volcano (Raudehavet, Jemen) activity update (Volcano Discovery, Okt 2, 2013)Jebel Zubair volcano (Raudehavet, Jemen) activity update, Okt 11, 2013 Seint i oktober hadde ei ny øy dukka opp av havet.Jebel Zubair (Raudehavet, Jemen): new island, current activity unknown (Volcano Discovery, Nov 3, 2013)

Denne øya fekk namnet Jadidøya, medan den som vart skapt i 2011 fekk namnet Sholanøya.

Turistmål Øyane er ikkje busette, men dykking, dyreliv og vulkanane trekkjer til seg turistar.Diving in Al Zubair group of islands

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zubair Group» frå , den 28. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Raudehavet Kategori:Øyar i Jemen Kategori:Vulkanar i Jemen Kategori:Øyar i Jemen Kategori:Skjoldvulkanar Kategori:Aktive vulkanar