Cecilie Løveid () i Eidsberg er ein norsk forfattar av dikt, dramatikk og prosa. Ho har gått på Kunst- og håndverkskolen, og har dessutan studert teatervitskap. Løveid blir rekna som ein av dei fremste norske dramatikarane frå 1980- og 1990-talet. Dei fleste av skodespela hennar er omsette og oppførte utanlands.
Løveid debuterte i 1972 med romanen Most. Ho merka seg ut som ein original og eksperimenterande, med ein sjangeroverskridande prosalyrikk som særleg er tydeleg til i Sug (1979). Seinare skreiv ho dramatikk innan mange ulike sjangerar, som høyrespel, sceneteater og visual performance.
Ho skreiv librettoen til operaen To i dusjen, som blei oppført ved Festspela i Bergen i 1984. I 1991 var ho festspeldiktar ved dei same festspela.
Eit av Løveid sine hovudverk er tre tematisk sambundne historiske skodespel - Barock Friise (1993), Maria Q (1994) og Rhindøtrene (1996), der Løveid ser den moderne kvinnerolla i historisk lys. Skodspelet Østerrike (1998) er ein dialog mellom Ibsen-figuren Brand og livet og tankane til Ludwig Wittgenstein. Kammerspelet Visning (2005, scenisk urpremiere ved Nationaltheatret i 2014) er bygd opp rundt vising av eit hus som er til sals.
Verkliste Drama Tingene, tingene – skodespel (1976) Mannen som ville ha alt – høyrespel (1977) Hvide Lam og Lille Tigerinde – høyrespel (1980) Du, bli her! – høyrespel (1980) Kan du elske? – fjernsynsteater (1982) Måkespisere – skodespel (1983) Vinteren rivnar – skodespel (1983) Sug – performance (1983) Lydia – høyrespel (1984) Dusj – opera (1984) Titanic - skipet som ikke kunne synke – performance (1985) Vift – høyrespel (1985) Madame Butterfly on the Beach – skodespel (1985) Fornuftige dyr – skodespel (1986) Sete Sange – performance (1986) Fødsel er musikk – høyrespel (1988) Dobbel Nytelse – skodespel (1988) Reise med båt uten båt – musikkdrama (1989) Da-Ba-Da – danseforestilling (1990) Badehuset – performance (1990) Tiden mellom tidene eller Paradisprosjektet – skodespel (1991) Barock Friise eller Kjærligheten er en større labyrint – skodespel (1993) Konsekvens – danseforestilling (1993) Maria Q – skodespel (1994) Rhindøtrene – skodespel (1996) Østerrike – skodespel (1998) Sapfokjolen, eller Det hvite smykket som opphever mørket – høyrespel (1998) Kattejomfruen – skodespel (2001)
Prosaverk Most – roman (1972) Tenk om isen skulle komme – roman (1974) Alltid skyer over Askøy – tekstar (1976) Mørkets muligheter – (1976) Fanget villrose – (1977) Sug – roman (1979) Badehuset – tekst og foto (1990) (saman med Lisbeth Bodd og Asle Nilsen)
Dikt Mykt glass – dikt (1999) Spilt. Nye dikt – dikt (2001) Gartnerløs – dikt (2007) Nye ritualer – dikt (2008) Svartere bunader – dikt (2010) Flytterester – dikt (2012) Dikt 2001-2013 (samleutgåve) (2013)
Barnebøker Lille Pille og Lille Fille i Den Dype Skogs Teater – barnebok (1990, illustrert av Hilde Kramer) Hund får besøk – barnebok (1993, illustrert av Marek Woloszyn) Den dype skogs teater – barnebok (1998, illustrert av Hilde Kramer) Den dype skogs ballett – barnebok (1998, illustrert av Hilde Kramer) Den riktige vind : skuespill for barn – skodespel (1999) Fars ansikt – barnebok (2000, illustrert av Akin Düzakin)
Prisar og utmerkingar Gyldendals legat 1979 Prix Italia 1983, for Måkespisere Aschehougprisen 1984 Prix Future 1985 Kultur- og kirkedepartementets billedbokpris for barne- og ungdomslitteratur 1990, for Lille Pille og Lille Fille i Den Dype Skogs Teater (saman med Hilde Kramer) Doblougprisen 1990 Amalie Skram-prisen 1998 Ibsenprisen 1999, for Østerrike Gyldendalprisen 2001 Ibsenprisen 2015 for Visning Ibsenprisen 2017 saman med Tore Vagn Lid, for Vår ære/vår makt Brageprisen 2017 i open klasse for Vandreutstillinger
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Presentasjon ved Kolon Forlag NRK: Lydfiler med Cecilie Løveid
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Vinnarar av Amalie Skram-prisen Kategori:Folk frå Eidsberg Kategori:Vinnarar av Aschehougprisen Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Ibsenprisen