Yakhtul er ein stor fiskarlandsby i Taiz guvernement sørvest i Jemen. Yakhtul ligg kring 15 km nord for Mokka. I landsbyen ligg mange kvite hus, Yakthul-moskeen og ein skule.

Historie Under fyrste verdskrigen bombarderte britiske partruljefartøy Dhubab fort i november 1914 og opna eld mot Yakhtul den 8. desember 1914, og øydela 7 eller 8 dhow-båtar som låg der.

Geografi Yakhtul ligg ved kysten av Raudehavet, inst i ei grunn bukt, kring 15 km nord for Mokka. Jirdan ligg lenger nord for Yakhtul, med 'Abus i søraust og Kudhaysah i nordaust. Den 15 km lange strekket mellom Yakhtul og Marsa Farjah har mange sand- og korallområde som gjev sjøen ein mørkegrå farge. Mellom Yakhtul og Al Zahari er det palmelundar ved kysten.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yakhtul» frå , den 1. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Taiz guvernement Kategori:Kystbusetnader i Jemen