Sir Abu Nu’ayr (arabisk أبو صير نعير, òg skrive Sir Abu Neir, Sir Bu Nair eller Sir Bu Nuair) er ei øy i Persiabukta. Ho ligg 65 km utafor kysten av Dei sameinte arabiske emirata, kring 80 km nord for Abu Dhabi, og 103 km vest for Dubai. Ho høyrer til emiratet Sharjah.

Sir Abu Nu’ayr er nesten heilt rundt med ein diameter på fire kilometer, og ei 1 km lang forlenging i søraust, slik at ho har form som ein drope.

Øya har ei lita hamn og ein flyplass. Begge ligg søraust på øya.

Crescent Petroleum har konsesjon på oljeboring i Sir Abu Nu’ayr-området. Nordaust for øya ligg Fateh-feltet, i nord Sirriøya i Iran og i vest rike olje- og gassfelt som høyrer til Abu Dhabi.

Øya er eit verneområde og har blitt registrert på lista over våtmarksområde som er internasjonalt viktige under Ramsarkonvensjonen, og vart i 2012 oppført som ein potensiell verdsarvstad av UNESCO.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sir Abu Nu’ayr» frå , den 6. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Geografi i Sharjah Kategori:Øyar i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Omstridde område i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Omstridde område i Persiabukta Kategori:Omstridde område i Iran Kategori:Øyar i Persiabukta Kategori:Ramsarstader i Dei sameinte arabiske emirata