Thomas Jürgen Häßler () er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Vest-Berlin som vart verdsmeister med Vest-Tyskland i 1990 og europmeister med Tyskland i 1996.
Midtbanespelaren Häßler spelte 101 landskampar for (Vest-)Tyskland i tida 1988-2000, og var med i samtlege seks meisterskapsturneringane i åra frå VM 1990 til EM 2000. Allereie i VM i fotball 1990 opplevde han å verte verdsmeister då Vest-Tyskland slo Argentina 1-0 i ein sjansefattig finale. To år seinare var Häßler ein av dei mest framståande aktørane i EM i fotball 1992, men kunne ikkje hindre at Danmark slo Tyskland 2-0 i finalen. Derimot lukkast han verte europmeister då Tyskland vann EM-finalen 1996 på såkalla «golden goal». Frisparkspesialisten Häßler skåra 11 landslagsmål.
På klubbnivå var Häßler innom sju ulik klubbar i tre land i tidsromet 1984-2004. Lengst spelte han for FC Köln (1984-90), AS Roma (1991-94), Karlsruhe (1994-98) og 1860 München (1999-2003). Med Köln deltok han i UEFA-cupfinalen i 1986, der det vart tap, og han fekk seriesølv med laget både i 1989 og 1990. Sidan måtte han bokføre tap i den italieneske cupfinalen 1993 med AS Roma og i den tyske cupfinalen 1996 med Karlsruhe.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thomas Häßler» frå , den 8. juni 2016.
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Köln-spelarar Kategori:Karlsruhe-spelarar Kategori:1860 München-spelarar Kategori:Roma-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Borussia Dortmund-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000