Rune Richardsen () var ein fotballspelar frå Lillestrøm. Han var ein dribleglad midtbanespelar som vart norsk meister 1985 og seriemeister 1986 med Lillestrøm Sportsklubb. Richardsen deltok i fire landskampar i 1986-87. Også faren Oddvar Richardsen var norsk landslagsspelar.
Richardsen debuterte for Lillestrøm som 17-åring i 1980. Frå 1982 til 1987 hadde han rimeleg fast plass på midtbana i klubben. Han var med då Lillestrøm vann cupfinalen 1985 på Ullevaal stadion med 3-1 over Vålerengen IF. Sesongen etter vart han seriemeister med Lillestrøm, men måtte tole tap i cupfinalen same året. Lillestrøm var klare favorittar mot Tromsø Idrettslag, som derimot overraska med å vinne med heile 4 mot 1 i målprotokollen.
Frå hausten 1986 til sommaren 1987 deltok Richardsen i fire landskampar, alle saman kvalifiseringskampar til Sommar-OL 1988. Han kom ikkje på skåringslista i nokon av dei målfattige oppgjera.
Richardsen spelte frå 1988 og nokre år framover fotball på lokalt nivå på lag som Høland, Strømmen og Aurskog-Finstadbru.
Merittar Cupmeister: 1985 med Lillestrøm SK Seriemeister: 1986 med Lillestrøm SK
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rune Richardsen» frå , den 9. juni 2016.
eu-football
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Lillestrøm-spelarar