Helge Solum Larsen () frå Stavanger var ein norsk politikar (Venstre). Han sartt i bystyret i Stavanger frå 1991. Frå 1994 til 1997 var han leiar for Unge Venstre. I stortingsperioden 2005 til 2009 var han første vararepresentant til Stortinget frå Rogaland. Han har òg vore varamedlem i styret i Nei til EU. Frå 2004 var han med i landsstyret i Venstre, og i 2010 vart han utnemnd til nestleiar i partiet. I kommunevalet 2011 stod han som Venstre sin fylkesordførarkandidat i Rogaland.

Etter valet blei han leiar av Kommunalstyret for byutvikling i Stavanger og fylkesutvalgsmedlem i Rogaland. Den 7. februar 2012 trekte Helge Solum Larsen seg som nestleiar av Venstre, men fullførte perioden som folkevald til det nye fylkestinget og bystyret kom på plass hausten 2015. Bakgrunnen var ei valdteksanklage som førte til sikting og seinare henlegging.Aftenposten, 07.02.12: Venstre-topp anmeldt for voldtekt Henleggelse Solum Larsen.

Solum Larsen døydde plutseleg den 18. desember 2015, etter ei hjernebløding.

Kjelder

Kategori:Leiarar i Unge Venstre Kategori:Lokalpolitikarar i Stavanger Kategori:Venstrepolitikarar i Rogaland Kategori:Folk frå Stavanger