Friedrich Wilhelm Bessel () var ein tysk astronom og matematikar.
Han var professor i Königsberg frå 1810, og grunnla 1811–1813 Königsberg observatorium. Han publiserte i 1818 ein katalog, Fundamenta astronomiae, over reduserte posisjonar av 3222 stjerner, basert på Bradley sine observasjonar frå 1727–1747. Katalogen har vore viktig for undersøking av eigenrørsla til stjernene. Eldre stjernekatalogar inneheld berre råmaterialet av observasjonane og er derfor ikkje direkte brukbare til dette. Bessel føretok frå 1821 til 1833 over 76 000 nøyaktige observasjonar av stjerneposisjonar og samla ein katalog som gav koordinatene for 63 000 stjerner. Han utførte i 1838 den første pålitelege målinga av parallaksen til ei stjerne (61 Cygni), og føresåg i 1844 ut frå periodiske forandringar i eigenrørsla for Sirius og Procyon at desse stjernene hadde usynlege følgjarar (observert første gang i høvesvis 1862 og 1892). Bessel utførte store arbeid innafor geodesi og geofysikk, og var òg ein dugande teoretikar. Han løyste i 1824 «Kepler-problemet» ved bruk av sylinderfunksjonar. Etter han er desse kalla besselske funksjonar eller Bessel-funksjonar.
Kjelder
Kategori:Astronomar på 1800-talet Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Tyske astronomar Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Medlemmar av Vitskapsakademiet i St. Petersburg Kategori:Medlemmar av Royal Society