Kvote (frå latin quota pars, 'kor stor del') er ein viss mengd eller part av eit heile. Kvotar kan ha øvre eller nedre avgrensingar. Ressursar, produksjon og sal kan styrast av kvotar. Ofte er det styresmaktene som tildeler kvotar.
Mjølkekvote
Føremålet med mjølkekvotar er å tilpass produksjonen av ku- og geitemjølk til marknaden.Mjølkekvotar . Landbruksdirektoratet, 27/5-2016.
Fellingskvote
For å hindra større uttak enn tilveksten av vilt avgrensar myndigheitene for mykje som kan skytast i kvar jaktsesong. I Noreg vert det tildelt fellingskvotar på hjort, elg, rådyr, dådyr, villrein og beverLov om jakt og fangst av vilt (viltloven), Lovdata, 1/10-1915.. Det er fylkesmannen i kvart einskild fylke som, etter tilråding frå dei kommunale viltnemnene, fastsett fellingskvotane.
Fiskekvote
For å hindra overfiske får fiskarane tildelt, eller lyt kjøpa, kvotar for ei viss mengd av kvart fiskeslag dei har lov å henta frå havet. Tidlegare var det fritt fiske, men den tekniske utviklinga har ført til at fiske har vorte så effektivt at det er naudsynt å setta grenser for kor mykje som kan fiskast av dei ulike fiskeslagaAslaksen, E., Fiskekvoter, nrk.no, 6/6-2011.. I tillegg til nasjonale fiskekvotar forhandlar naboland seg fram til internasjonale fiskekvotarFiskekvoter - fastsetting og fordeling, Fiskeri- og kystdepartementet, 2002.. For Noreg er EU og Russland viktige avtalepartnarar.
Sjå òg Kvotering Kvoteflyktning
Referansar
Kategori:Næringsliv Kategori:Fiske Kategori:Jakt Kategori:Jordbruk