Henry Norris Russell () var ein amerikansk astronom som i lag med Ejnar Hertzsprung utvikla Hertzsprung–Russell-diagrammet (1910).
Russell var professor ved Princeton University frå 1911 til 1947 og direktør for observatoriet frå 1912 til 1947. Han gav viktige bidrag til dei fleste greinane av astrofysikken. Han undersøkte samanhengen mellom spektruma til stjernene og den absolutte lysstyrken deira (Hertzsprung-Russell-diagrammet), var den første som sikkert avgjorde at det fanst grunnstoff i universet, føretok omfattande studioar av linjespektrum til grunnstoffa, utvikla teorien for formørkingsvariable stjerner og arbeidde med dei visuelle dobbeltstjernene sine parallakser og massar.
Prisar og utmerkingar Medlem av American Academy of Arts and Sciences (1921) Royal Astronomical Society sin gullmedalje (1921) Henry Draper-medaljen frå National Academy of Sciences (1922) Brucemedaljen (1925) Rumford-prisen (1925) Franklin Medal (1934) Medlem av Royal Society (1937) Henry Norris Russell Lectureship (1946) Asteroiden 1762 Russell er kalla opp etter han.
Kjelder
Kategori:Folk frå New York Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:Elevar ved Princeton University Kategori:Tilsette ved Princeton University Kategori:Brucemedaljen Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:National Academy of Sciences Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences