Neri Valen () var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå Bø i Telemark i periodane 1931-45 og 1950-54. Han var i alle år medlem i partiet Venstre.
Liv og gjerning Far hans var lensmann og gardbrukar. Sjølv tok han studenteksamen i 1912 og vart landbrukskandidat frå Noregs Landbrukshøgskule i 1915 og skogbrukskandidat 1917. Dei to neste åra var han rasjoneringsinspektør i Telemark, før han var på studiereise i USA. I 1919 tok han over gardsdrifta av farsgarden Valen i Bø, og dreiv denne til han døydde.
Valen var medlem av heradsstyret frå 1919 til 1931. Han var ordførar 1922-25 og varaordførar 1925-31. Elles var han formann i Telemark landbruksselskap frå 1919 og Kornrådet frå 1929. I 1941 vart han fjerna frå begge desse verva av NS-styret, men var frå krigsslutt i 1945 på ny leiar i landbruksselskapet til 1947 og for Kornrådet til han døydde. Han vart oppnemnd til formann i Jordlovnemnda av 1935 og i Granskingsnemnda om jordbrukstiltak av 1939. På avlssida var han formann i Landslaget for telemarkfe frå 1921 og i Landslaget for storfeavl frå 1948, også desse posisjonane hadde han til døden kom.
Valen representerte Venstre og Telemark fylke på Stortinget i tingbolkane 1931-33, 1934-36, 1937-45 og 1950-53. Hausten 1953 vart han attvald for ein ny periode, men døydde på nyåret i 1954, nett same veka Stortinget tok til på ein ny sesjon. Han var parlamentarisk leiar i Venstre frå 1935 til -45 og frå 11. januar 1951 til han døydde. Valen var 1950-52 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen og nestformann i same komiteen frå oktober 1952.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Ordførarar i Bø i Telemark Kategori:Venstreordførarar i Telemark Kategori:Folk frå Bø i Telemark