Sir John Frederick William Herschel, 1. baronett () var ein engelsk matematikar, astronom, kjemikar, oppfinnar og eksperimentell fotograf, som i somme år gjorde verdifullt botanisk arbeid. Han var son av astronomen William Herschel og var sjølv far til tolv barn.

Herschel var den første som brukte det juliansk dag-systemet i astronomi. Han namnsette sju saturnmånar og fire uranusmånar. Han bidrog mykje til fotografi-vitskapen, og undersøkte fargeblinde og den kjemikalske krafta til ultrafiolette stråler.

Herschel var leiar for Royal Astronomical Society i tre periodar: 1827–29, 1839–41 og 1847–49. Han blei vald til utanlandsk æresmedlem ved American Academy of Arts and Sciences i 1832 og som utanlandsk medlem av Det svenske vitskapsakademiet i 1836.

Heider Småbyen Herschel i Saskatchewan i Canada, Mount Herschel i Antarktis, krateret J. Herschel og Herschel Girls' School i Cape Town i Sør-Afrika har fått namn etter han.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «John Frederick Herschel» frå , den 19. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Astronomar på 1800-talet Kategori:Elevar ved St John's College, Cambridge Kategori:Baronettar i Storbritannia Kategori:Engelske astronomar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Vitskapsakademiet i St. Petersburg Kategori:Riddarar i Royal Guelphic Order Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Medlemmar av Royal Astronomical Society Kategori:Copleymedaljen Kategori:Fotografipionerar Kategori:Engelske fotografar på 1800-talet Kategori:Folk frå Slough Kategori:Masters of the Mint Kategori:Royal Medal