«Death on Two Legs (Dedicated to...)» er ein song av den britiske rockegruppa Queen, og opningssporet på det fjerde studioalbumet deira, A Night at the Opera. Songen vart skriven av Freddie Mercury og skildra visstnok hatet hans mot den tidlegare manageren til Queen, Norman Sheffield, som skal ha mishandsama bandet og manager-rolla si frå 1972 til 1975.
Songen vart spelt inn og miksa i Sarm East Studios seint i 1975. Som med «Bohemian Rhapsody», vart dei fleste gitarpartia på songen først spelte på piano av Mercury, for å vise Brian May korleis dei skulle spelast på gitar.
Tekst Songen vert rekna som «hatbrevet» til Freddie Mercury mot den tidlegare manageren til Queen, Norman Sheffield. Mercury har sagt at teksten var «så hemngjerrig at Brian ikkje likte å syngje han.»03-17-1977 Circus Magazine. Sjølv om songen ikkje har nokre direkte referansar til Sheffield, vart han rysta då han høyrte songen ved Trident Studios då albumet kom ut, og saksøkte både bandet og plateselskapet for injurie. Saka enda med eit forlik, men synte slik at han hadde eit samband til songen.
I sjølvbiografien sin i 2013, Life on Two Legs: Set The Record Straight, Life on Two Legs - Norman Sheffield nekta Norman Sheffield for å ha behandla bandet dårleg som manager og synte til kopiar av den originale kontrakten mellom han sjølv og Queen frå 1972.
Sheffield døydde i 2014. Trident Studios founder Norman Sheffield dies
Under konsertane dediserte Mercury vanlegvis songen til «ein sann jævel av ein gentleman». Denne linja vart sensurert på albumet Live Killers i 1979.
Konsertopptak «Death on Two Legs» vart ofte framført av QUeen fram til og med The Game-turneen. Det finst eit konsertopptak av songen, frå 1979 på albumet Live Killers. Pianointroduksjonen vart derimot spelt under Hot Space- og The Works-turneane.
Andre versjonar Rooney spelte «Death on Two Legs» i 2005 på hyllestalbumet Killer Queen: A Tribute to Queen. Tony Zaikowski som ein del av «Loser's Lounge»-prosjektet. GoGoGo Airheart. Dream Theater på albumet Uncovered 2003-2005. Heathen i 2004 på EPen Recovered. The Protomen i 2012 på albumet The Protomen Present: A Night of Queen. Shaolin Death Squad i 2015 på EPen As You Become Us
Songen finst som nedlastbart innhald i Rock Band, framført av Queen sjølv.
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano Brian May - gitarar, korvokal Roger Taylor - trommer, korvokal John Deacon - bassgitar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Death on Two Legs (Dedicated to...)» frå , den 20. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Queen
Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Queen-songar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Heavy metal-songar Kategori:Dream Theater-songar