mini|Jarnbanestasjonen Banff er ein by i provinsen Alberta i Canada. Banff er omkransa av fjell og er den høgastliggande byen i Canada. Banff ligg 126 kilometer vest for Calgary og 58 kilometer austom Lake Louise på den transkanadiske motorvegen.
Banff er eit av Canadas mest populære turistmål kjent for det omliggande fjellandskapet og dei varme kjeldene sine. To store skianlegg ligg i nærleiken av byen.
Historie Dei første innbyggarane kom til Banff i 1880-åra, etter at jarnbana frå Atlanterhavet til Stillehavet vart lagt gjennom Bow Valley. I 1883 oppdaga tre jarnbanearbeidarar fleire varme kjelder i fjellsida til Sulphur Mountain. To år seinare vart eit 26 km² stort reservat oppretta rundt dei varme kjeldene og området vart promotert som eit internasjonalt ferie- og spa-anlegg for å auka kundegrunnlaget for den nye jarnbanelinja.History of the Town of Banff I 1887 vart området utvida til 673 km² og kalla «Rocky Mountain Park». Dette vert rekna som ein av Canadas første nasjonalparkar.
Området fekk namnet Banff i 1884 etter Banffshire i Skottland, som var heimstaden til George Stephen, ein tidlegare direktør i Canadian Pacific Railway.
Banff sentrum utvikla seg rundt jernbanestasjonen som eit turistkontor for dei tilreisande til nasjonalparken. I 1985 kom Banff nasjonalpark inn på UNESCO si liste over verdsarv som ein av nasjonalparkane i Rocky Mountains.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Banff» frå , den 20. juni 2016.
Bakgrunnsstoff
Offisiell side for Banff Lake Louise Tourism Banffs lokalavis «Crag and Canyon»
Kategori:Alberta