«Tie Your Mother Down» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av gitaristen Brian May. Han er opningssongen og den andre singelen frå albumet A Day at the Races frå 1976. Singelen kom ut i 1977 og nådde 31. plassen på den britiske singellista. Meir enn 20 år seinare vart han gjeven ut som ei dobbel A-side med «No-One But You (Only the Good Die Young)», då han nådde 13. plassen. På albumet starta songen med ein minutt lang instrumental, som kjem att på slutten av «Teo Torriatte». Dette var meint å skape ein «sirkel» på albumet, som til dømes på album av Pink Floyd.
Etter songen kom ut i 1976 spelte Queen han på kvar einaste turné. Under Freddie Mercury Tribute Concert i 1992, vart songen spelt av Queen i lag med Joe Elliot og Slash. Ved fleire høve i nyare år har Brian May og Roger Taylor spelte songen live med Foo Fighters, mellom anna då Queen vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2001 og under VH1 Rock Honors i 2006.
Historie Brian May byrja å skrive songen på Tenerife, medan han arbeidde på doktorgraden sin som astronom. Han skreiv riffet på ein spansk gitar og vakna opp ein morgon og spelte songen med han song «tie your mother down,» ei linje han rekna som ein spøk. Vokalisten Freddie Mercury likte linja og ønskte å behalde ho. «Tie Your Mother Down» opnar med eit tungt gitarriff av Brian May.
Det vart laga ein musikkvideo til songen, regissert av Bruce Gowers, basert på eit konsertopptak i Nassau Coliseum på Long Island i New York i februar 1977 under den amerikanske turneen til bandet.1977 A Day At The Races North American Tour Ultimate Queen. Henta 10. juni 2016
Sjølv om songen lenge har vore ein konsertfavoritt og favoritt på amerikansk FM_radio, gjorde ikkje songen det så godt på salslistene. Han nådde 31. plassen i Storbritannia og 49. plassen i USA. Songen vart derfor berre gjeve ut i somme område på Greatest Hits, men songen er med på samlealbumet Queen Rocks, i lag med somme av dei tyngste songane til bandet.Queen Rocks, Vol. 1 Allmusic. Henta 10. juni 2016
I eit hyllestprogram på BBC Radio 4 til Rory Gallagher, sa May at hovudinspirasjonen til riffet kom frå Taste-songen «Morning Sun» frå albumet On the Boards (1970). Riffet er òg ganske likt vers-riffet frå T.Rex-songen «Funky London Childhood», frå albumet Prince of Players (The Alternate Dandy in the Underworld) frå 1976.
Lister Liste (1977)PlasseringDen austerrikske singellista47Nederlandsk Topp 4010UK Singles Chart31US Billboard Hot 10047
Liste (1998)PlasseringNederlandsk Topp 4033Den tyske singellista75UK Singles Chart13
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal Brian May - elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor - trommer, korvokal John Deacon - bassgitar
Konsertversjonar Etter songen kom ut i 1976, vart «Tie Your Mother Down» den songen som oftast opna konsertane til Queen.Queen on tour Queen Concerts. Henta 10. juni 2016Tie Your Mother Down Allmusic. Henta 10. juni 2016 Under Freddie Mercury Tribute Concert vart songen framført av Queen i lag med Def Leppard-songaren Joe Elliott og Guns N' Roses-gitaristen Slash.The Freddie Mercury Tribute Concert: Tie Your Mother Down Henta 10. juni 2016 May song første verset og refrenget før Elliot tok over. Ved fleire høve har May og Roger Taylor framført songen i lag med Foo Fighters.Foo Fighters joined by Queen legends NME. Henta 10. juni 2016Foos play biggest ever gig The Sun. Henta 30. august 2011Queen & Foo Fighters «We Will Rock You/We Are The Champions» Live at Rock Honors 2006 VH1. Henta 27. mai 2011 Den 5. september 2011 framførte Jeff Beck songen i lag med May og Taylor i ei feiring av det som ville ha vore 65-årsdagen til Freddie Mercury. Hendinga vart kalla 'Freddie for a Day' og vart feira på Savoy Hotel i London.«Freddie Party - Savoy Set List". Queen Online. Henta 19. juli 2012
Konsertopptak Live Killers (1979) We Will Rock You/Queen Rock Montreal (1981) Queen on Fire - Live at the Bowl (1982) Live at Wembley '86/Live at Wembley Stadium (1986) Live Magic (1986) Seville Expo 92 Concert (1992) The Freddie Mercury Tribute Concert (1992) Live at the Brixton Academy (1993) Return of the Champions (2005) Super Live in Japan (2005) Skin and Bones (Foo Fighters album/DVD, on the Hyde Park DVD) (2006) Live in Ukraine (2008)
Andre versjonar Foo Fighters med Brian May og Roger Taylor - Skin and Bones L.A. Guns - Rips the Covers Off Lemmy Kilmister og Ted Nugent - Dragon Attack: A Tribute to Queen (1997) Lynch Mob - Lynch Mob Shinedown - Killer Queen: A Tribute to Queen Warrant - Under the Influence Adrenaline Mob -Dearly Departed Kerry Ellis & Brian May (i lag på turneen deira)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tie Your Mother Down» frå , den 22. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisielle YouTube-videoar: original musikkvideo, Live at Wembley, Live at the Bowl, at Rock Montreal, Queen + Paul Rodgers (live), at Freddie Mercury Tribute Concert (with Joe Elliot og Slash) Tekst på den offisielle nettsida til Queen
Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Heavy metal-songar Kategori:Foo Fighters-songar