Anders Jensen Horgen () var ein norsk skog- og gardbrukar frå Hokksund i Øvre Eiker. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i åra 1913-21.
Han var son til ein laksefiskar på strandstaden Hokksund. Far hans døydde då Anders var fire år, så det vart mora og hennar bakeriverksemd som fødde familien ei tid framover. Fram til 1896 var han tømmerfløytar og tømmerdelar, og deretter formann i eit trelastfirma i Drammen. Frå 1898 dreiv han eiga trelastforretning, og i tillegg var han gardbrukar på Horgen i Nedre Eiker frå 1900.
Horgen var medlem i Øvre Eiker heradsstyre i seks år: Frå 1904 var han med i Nedre Eiker heradsstyre, ordførar frå 1908 til -16. Horgen representerte Buskerud krins på Stortinget i periodan 1913-15, 1916-18 og 1919-21. Han var heile tida medlem i Protokollkomiteen. Ved den fyrste kløyvinga av Arbeidarpartiet i 1921, var han mellom dei ikkje braut ut.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Folk frå Øvre Eiker Kategori:Folk frå Nedre Eiker