Hakon Magne Valdemar Wrangell () var ein norsk skipsreiar og stortingsrepresentant frå Haugesund. Han representerte tre ulike partigrupper på Stortinget i tida 1903-09 og 1922-27.
Wrangell var son til ein telegrafist. Sjølv utdanna han seg til handelsmann, starta i 1880 opp eiga forretning i heimbyen. Han dreiv både handel og som skipsreiar, frå 1902 også kvalfangarselskap. I tiåra etter 1900 var han ein av dei tre mektige skipsreiarane i Haugesund. Han var mellom anna styreleiar i Haugesund Privatbank og formann i Englandsrutekomiteen. I 1896 var han medlem i ein departementskomite om vrakarlova.
Wrangell var medlem av bystyret i Haugesund i samanhengande 41 år, frå 1887 til 1928. Han var ordførar 1894-95, 1897 og 1899.
Han representerte Haugesund på Stortinget frå 1903 til 1909, vald 1903-06 for Moderate Venstre og 1906-09 for Samlingspartiet. Han var medlem i næringskomite nr 1, sekretær i komiteen 1906-09. Både i 1904-, 1906-, 1907- og 1908-sesjonane var han permittert i opptil 2-3 månader. Seinare, 1922–24 og 1925–27, vart han vald frå valkrinsen som omfatta kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland. Då vart han vald på programmet til Frisinna Venstre. Begge desse valbolkane var han nestformann i Næringskomite nr 1.
Frå 1927 til 1930 var Wrangell president i Norges Rederiforbund.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Samlingspartiet Kategori:Stortingsrepresentantar frå Moderate Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Vest-Agder og Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar for Haugesund Kategori:Ordførarar i Haugesund Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Haugesund