Anemi (gresk αναιμία, anemía, «utan blod») er eit nivå på raude blodlekamar og/eller hemoglobin som er lågare enn normalt. Ein reknar òg som anemi om hemoglobinet har mindre evne til å frakte oksygen.
Dette gjer at lekamen får mindre oksygen enn han treng. Teikn på dette er bleik hud (usikkert) og slimhinner (sikkert), at ein er mykje trøytt, har mindre yteevne, dårlegare konsentrasjonsevne, hjarteklapp, hovudverk, blir svimmel og kan bli kortpusta ved tungt arbeid. I tillegg kan det kome symptom frå sjukdommen som ligg til grunn for anemien. Anemi er aldri ein sjølvstendig diagnose, men alltid symptom på ein annan tilstand.
Typar anemiar
Patofysiologisk kan me dela anemiane inn i dei som kjem av auka forbruk av raude blodlekamar (og nokre andre årsaker) og dei som kjem av endra produksjon av raude blodlekamar i beinmergen. Denne lista er ikkje fullstendig.
Anemi på grunn av auka forbruk av blodlekamar (regenerativ anemi) Akutte og kroniske blødningar (utan jernmangel) Hemolytisk anemi Korpuskulær (årsak i blodlekamen) Defektar i membranen til blodlekamen: Sfærocytose, Elliptocytose Enzymdefektar: Glucose-6-PDH-mangel, Pyrovatkinasemangel Paroksysmal nokturnal hemoglobinuri Ekstrakorpuskulære (årsak utanfor blodlekamen) Immunhemolyse (øydelegging årsaka av immunreaksjon, til dømes Rhesus-immunisering hjå nyfødde) Mekaniske årsaker Forgiftingar (til dømes cyanid og karbonmonoksid) Hyperspleni (forstørra milt) Infeksjonar
Anemi på grunn av feil i framveksten av blodlekamar Forstyrring i hemoglobinsyntesen Jarnmangel Hemoglobinopatiar: Thalassemi, sigdcelleanemi Stamcellefeil Aplastisk anemi Myelodysplastisk syndrom Nedsett beinmergsfunksjon Tumor Malignt lymfom Leukemi Fibrose Renal anemi (årsaka av mangel på erythropoetin Mangel på vitamin B12 eller folat (vitamin B9) Juvenil reumatoid artritt/systemisk lupus erythematosus
Diagnostikk av anemi (dette er ei ufullstendig liste) Basisprøvar: Utstryk, Hemoglobin, tal på raude blodlekamar, hematokritt, tal på retikulocyttar, tal på kvite blodkroppar m/ differesialtelling, tal på blodplatar, ferritin Hemolyse: Haptoglobin, LD, bilirubin Mangeltilstandar: Jernstatus (s-jern, TIBC, eventuelt jarnbelastning), Vitamin B12, folat i serum/fullblod, malabsorbsjonsutredning Eventuelt beinmargsundersøking (leukemi, beinmargssvikt) Eventuelt infeksjonsutreidning.
Sjå òg Polycytemi (ufysiologisk mange raude blodlekamar) Leukocytopeni (sjukeleg få kvite blodlekamar) Trombocytopeni (sjukeleg få blodplater)
Kjelder
Rikshospitalets metodebok for born over tre år
Denne artikkelen bygger på «Anämie» frå , den 12. mars 2006.
Kategori:Blod Kategori:Hematopatologi Kategori:Hematologi Kategori:Greske ord og uttrykk