mini|Solskive i Moot Hall i Aldeburgh i England. Ei solskive er ei enkel form for solur. Ho består av ei rett stong parallell med jordaksen som, når det er solskin, kastar ei skuggelinje på ei plan flate med inndelt kurvenett. Ut frå stillinga til skuggen vert timevinkelen til sola avlesen, og ein får dermed sann soltid. For å få sonetida må tidsjamninga trekkast frå og lokalkonstanten (som kan vere innarbeidd i kurvenettet) leggast til. Den enklaste typen solskive er polaruret, der avlesingsplanet står vinkelrett på stonga.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Forstå solskiver gjennom kartprojeksjonar
Kategori:Klokker Kategori:Urmakarkunst Kategori:Hageutstyr