Anna Jorunn Avdem () er ein norsk historikar, forfattar og SV-politikar. Ho er fødd i Lesja, busett i Lærdal. Avdem har som forfattar gjeve ut fleire bøker om kvinner sine kår. Ho har arbeidd som lærar i skulane i Lærdal og i 2002 vart ho tilsett som museumslektor på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
Hovudoppgåva hennar «Gjort kva gjerast skulle» vart gjeve ut som bok i 1984. Saman med Kari Melby gav ho ut «Opp først og sist i seng» 1985, og i 2001 gav Avdem ut «Husmorparadiset», der ho skildrar glansåra for husmorrolla på 1950- og 1960-talet. I 2009 gav ho ut ”Levd liv, ei soge om sogningane og muséet deira” (Skald) saman med Aage Engesæter og Lars Asle Vold.
Avdem var varaordførar i Lærdal frå 2003 til 2007.
Ho er gift med Jan Olav Fretland og mor til Jostein Avdem Fretland.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder
Anna Jorunn Avdem i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Lokalpolitikarar i Lærdal Kategori:SV-politikarar i Sogn og Fjordane Kategori:Folk frå Lesja Kategori:Folk frå Lærdal Kategori:Forfattarar frå Lærdal Kategori:Nynorskforfattarar