mini|1812-ouverturen framført av nederlandske Concertgebouw i 1951.
Året 1812 høgtideleg ouverture, Op. 49, vanlegvis kjend som 1812-ouverturen eller berre 1812, er ein konsertouverture i Ess-dur skriven i 1880 av den russiske komponisten Pjotr Iljitsj Tsjajkovskij til minne om det vellukka russiske forsvaret av landet under invasjonen til Napoleon sin Grande Armée i 1812. Den mislukka invasjonen og den katastrofeprega tilbaketrekkinga til den franske hæren markerte eit vendepunkt i Napoleonskrigane.
Verket vart fyrst framført i Moskva den 20. august 1882 (juliansk dato 8. august). Han vart dirigert av Ippolit Al'tani i eit telt i nærleiken av den nesten ferdigbygde Frelsaren Kristus-katedralen, som også vart reist til minne om forsvaret av Russland i 1812.Felsenfeld, Daniel. Tchaikovsky: A Listener's Guide, s. 54. Amadeus Press, 2006.
Ouverturen er rundt 15 minutt lang. Han er eit døme på programmusikk, musikk som er komponert for å få fram stemningar og scener hjå dei som høyrer på. Stykket er best kjent for klimakset sitt med kanoneld, ringande klokker og ei fanfareending med messingblåseinstrument. Verket er vorte vanleg å framføra saman med større fyrverkeri-oppvisingar i samband med den amerikanske sjølvstendedagen. 1812-ouverturen er vorten eit av dei mest populære verka til Tsjajkovskij, i lag med ballettmusikken hans til Nøtteknekkaren, Tornerose og Svanesjøen.
Komposisjon
Historisk bakgrunn mini|Måleri av Napoleon ved slaget ved Borodino, av Carle Vernet. mini|Måleri som viser dei franske troppane som trekk seg ut frå Russland i 1812, av Illarion Prjanisjnikov (1874) 7. september 1812 møtte franske styrkar under Napoleon dei til russiske general Mikhail Kutuzov ved Borodino, 12 mil vest for Moskva. Dette var eit innbiten forsøk frå russarane til å stå imot den tydelegvis uovervinnelege franske hæren. Fleire titusen liv gjekk tapt i slaget ved Borodino, og den franske hæren gjekk sigrande ut. Dette viste seg likevel å vera ein pyrrhossiger for den franske invasjonen.
Styrkane til Napoleon hadde få ressursar og brotne forsyningsliner. Då dei gjekk inn i og okkuperte Moskva, vart dei ikkje mottekne av ein delegasjon som tilbaud kapitulasjon frå tsar Aleksander I. I staden fann dei franske troppane ein aude og forlaten by. 48 timar etter at hæren til Napoleon gjekk inn i den russiske hovudstaden var tre fjerdedelar av han vortne brende til grunnen, kanskje som del av ein brend jord-taktikk.
Utan vinterforsyningar vart Napoleon nøydd til å trekka seg tilbake. Frå 19. oktober og godt inn i desember gjekk den franske hæren fleire store hinder på den lange tilbaketrekkinga si: Svolt, tyfus, sterk kulde, åtak frå kosakkar og andre russiske styrkar. Hæren vart forlaten av Napoleon i november, og var vorten redusert til ein tidel av den opphavlege storleiken sin då han nådde Polen og relativ tryggleik.
I 1869 kom den fullstendige utgåva av Krig og fred av Lev Tolstoj ut. Romanen gav ei svært nøyaktig skildring av Napoleon sin invasjon i 1812, og vekte minner om den russiske motstanden. Dette førte til bestillingar på nye monument, måleri og også nye musikalske komposisjonar kring emnet, som den til Tsjajkovskij.
Bestilling Frelsar Kristus-katedralen i Moskva vart bestilt i 1812 av tsar Aleksander I til minne om den russiske sigeren. Kyrkjebygget var nært ved å stå ferdig i 1880; 25-årsjubileet for kroninga av Aleksander II skulle feirast i 1881; og Den all-russiske kunst- og industriutstillinga i Moskva i 1882 var på planleggingsstadiet. Ein venn og mentor av komponisten, Nikolaj Rubinstein, føreslo at Tsjajkovskij burde skriva eit mektig minneverk som kunne brukast til dei ulike feiringane. Tsjajkovskij byrja arbeidet med stykket 12. oktober 1880, og hadde det ferdig seks veker seinare.
Organisatorane planla å få stykket framført på plassen framfor katedralen, med eit brassband til å forsterka orkesteret og kyrkjeklokkene i katedralen og alle andre kyrkjer sentralt i Moskva til å spela zvon (klokkekiming) på same tidspunkt—medan kanonar skulle avfyrast ved hjelp av ein elektrisk bryta for å oppnå presisjonen stykket kravde. Nett denne framstillinga fann ikkje stad, kanskje fordi planen var for ambisiøs. I alle høve førte drapet på Aleksander II i mars det året til at mykje av prosjektet vart forkasta. I 1882 vart ouverturen framført under Den all-russiske kunst- og industriutstillinga i eit telt like ved den uferdige katedralen.Felsenfeld, Daniel. Tchaikovsky: A Listener's Guide, s. 54. Amadeus Press, 2006. Kyrkjebygget stod endeleg ferdig 26. mai 1883.
Tsjajkovskij klaga sjølv til støttespelaren sin Nadezjda von Meck at han ikkje var «... ein dirigent av festivalverk,» og at ouverturen ville vera «...svært høg og bråkete, men [utan] kunstnarisk meritt, fordi eg skreiv det utan varme og utan kjærleik.» Dette verket kom likevel til å gjera familien til Tsjajkovskij svært velståande, ettersom det vart eit av dei mest framførte og innspelte verka hans. Musikken Musikkstykket opnar med lågmælte tonar av russisk kyrkjesong. Songen skal minna om krigserklæringa som vart proklamert i samband med gudstenester i Russland. Etterpå kjem ein song som bed om russisk framgang i krigen. Kunngjeringa vert òg skildra i bokverket Krig og fred av Leo Tolstoj.
Deretter kjem det eit tema som står for marsjerande armear, spela av valthorn. Den franske nasjonalsongen «La Marseillaise» er fletta inn, og viser til dei franske sigrane i krigen, og til innmarsjen i Moskva i september 1812. Det russiske folkemusikktemaet feirar slaget som slo Napoleon attende. Retretten frå Moskva seint i oktober 1812 er reflektert med at musikken vert lettare. Avfyringa av ein kanon viser til dei militære framgangane mot den franske grensa. Mot slutten av krigen kjem ein attende til kyrkjesongen. Denne gongen med fullt orkester med tilhøyrande klokkeklang for å feira sigeren, og at ein unngjekk fransk okkupasjon. I lag med kanonen og marsjtemaet høyrer ein den russiske nasjonalsongen «Gud verne tsaren». Den russiske nasjonalsongen er eit motstykke til den franske ein høyrde tidlegare.
Kanonskotet er vanlegvis attgjeve med ei basstromme. Kanonskot har vorte nytta ved nokre høve, og vart først spela inn av Minneapolis Symphony Orchestra på 1950-talet. Etterfylgjande opptak har vorte gjort ettersom opptaksteknikken har betra seg. Kanonskot er nytta årleg i 4. juli-feiringar i Boston, med framføring av 1812-ouverturen på ei elvebreidd.
I Sovjetunionen måtte Tsjajkovskij sin musikk omgjerast om han skulle spelast. Melodien til «Gud signe Tsaren» vart erstatta med koret 'Ære, ære, heilage Rus'! (Славься, славься, святая Русь!) frå finalen frå operaen Ivan Susanin (opphavleg Livet for tsaren) av Mikhail Glinka. Operaen er eit historisk drama om ein patriotisk alminneleg mann, Ivan Susanin. Då Sovjetunionen vart oppløyst tok ein i bruk den opphavlege melodien att.Russian national anthem "God Save the Tsar" in Tchaikovsky's music
Instrumentering mini|1812-ouverturen med kanonskot ved Washington-monumentet i 2008.
1812-ouverturen er orkestrert for følgjande instrument:
Brassband: «Open» instrumentering med «eitkvart ekstra messingblåseinstrument» som er tilgjengeleg. Ved nokre innandørsoppføringar kan denne delen spelast på orgel. Militær- eller musikkorps kan også spela denne delen. Messingblåsarane er berre meint å spela finalen av stykket. Treblåseinstrument: 1 pikkolo, 2 fløyter, 2 oboar, 1 engelsk horn, 2 klarinettar i B og 2 fagottar Messingblåseinstrument: 4 valthorn i F, 2 kornettar i B♭, 2 trompetar i E♭, 3 trombonar (2 tenor, 1 bass) og 1 tuba Perkusjon: pauke, basstromme, skarptromme, cymbal, tamburin, triangel, carillon Strengeinstrument: fiolin I & II, bratsj, celloar og kontrabassar. Artilleri: eit batteri kanonar, eller seremonielt feltartilleri.
Carillonet vert nokre gonger erstatta av røyrklokker, opptak av carillon eller av kyrkjeklokker. I delane som inneheld kanonskot kan ein erstatta verkelege kanonar med opptak eller spelt på anna sceneutstyr, vanlegvis med ein stor treklubbe eller sleggje som i Mahlers 6. symfoni. Basstromme og gongong/tam-tam vert også ofte brukt i staden for eller i tillegg til kanonar i framføringar innandørs.
I opptaket sitt for Deutsche Grammophon frå 1966 brukte Herbert von Karajan stemmer i staden for strykeinstrument i dei fyrste 02'43" (eller 36 taktane) ved byrjinga av stykket og den påfølgjande dialogen mellom strykarar og treblåsarar. Han la til den russisk-ortodokse cantus planus-teksten til 'Gud signe ditt folk' til melodien, og arrangerte teksturen noko slik at han passe a capella-stemmer i staden for instrument. Den amerikanske dirigenten Igor Buketoff, som var son av ein russisk-ortodoks prest, gjekk eit steg vidare på si innspeling frå 1960 for RCA Victrola med New Philharmonia Orchestra med kor attåt orkesteret. Opninga vart sungen i staden for å verta spela av celloar og fiolinar. Eit barnekor kom i tillegg til fløyte og engelsk horn. I tillegg til å bruka stemmer til opningsdelen, nytta han også eit barnekor til å synga folkesongen 'Ved portane', og let koret utfylla messingblåsarane og den tsar-russiske nasjonalsongen 'Gud verne tsaren!'.
Struktur «U Vorot, Vorot» er ein folkesong som vert teken opp i stykket og representerer det russiske folket Stykket byrjar med ein enkel, sorgfull russisk melodi frå det ortodokse Troparion av den heilage krossen (også kjend som 'Herre, spar ditt folk'), spelt av fire celloar og to bratsjar. Dette representer det russiske folket som ber om ei snarleg avslutting på invasjonen. Deretter følgjer den franske nasjonalsongen «La Marseillaise», som representerer den franske invasjonshæren.In Napoleon's time, the Marseillaise was not the national anthem of France, but audiences were more familiar with La Marseillaise, so that is what Tchaikovsky wrote Så kan ein høyra melodien til Marseillaisen som tevlar mot russiske folketonar, noko som representerer dei to hærane som kjempar mot kvarandre medan dei franske styrkane nærmar seg Moskva. Fem kanonskot som representerer slaget ved Borodino kan høyrast. Samstundes er Marseillaisen på sitt sterkaste, og verkar som å vera den vinnande parten. Etter dette representerer ei lang nedgåande rekkje at dei franske styrkane trekkjer seg ut frå Moskva medan dei kalde vintervindane storma. Mot slutten av dette kjem hymnen som stykket byrja med opp att. Dette kan tolkast som at bønene vart svarte på. Den store finalen kulminerer med elleve kanonskot og melodien til «Gud verne tsaren!».
Tema «Herre, spar ditt folk» representer bøner om frelse frå den invaderande hæren. Ein del av denne hymnen kan omsetjast til 'gjev siger til alle ortodokse kristne over fiendane deira.' Ved å ta med denne hymnen i stykket, hintar Tsjajkovskij om at Gud sjølv gav dei ortodokse russarane siger over dei franske styrkane. Seinare i stykket, der La Marseillaise vert spelt, verker det som om russarane vil tapa krigen. Så vert «Herre, spar ditt folk» og «Gud frelse tsaren!» spelt med styrke av messingblåseinstrumenta i lag med sterk klokkeklang i bakgrunnen. Dei ringande klokkene er skrivne for å representera klokkene i Moskva. Kyrkjeklokkene har særskild tyding, fordi i russisk-ortodoks kristendom symboliserer dei røysta til Gud.
Anakronismar i dei nasjonale motiva
Sjølv om Marseillaisen var vorten vald som fransk nasjonalsong i 1795, vart songen bannlyst av Napoleon i 1805, og ville ikkje ha vorten nytta under felttoget i Russland. Songen vart fyrst teken i bruk att som fransk nasjonalsong i 1879, året før Tsjajkovskij skreiv verket sitt, noko som kan forklarar kvifor han brukte det i ouverturen.Ross, Stewart (2002). The French Revolution Events and outcomes. Evans Brothers, s. 69. . «Veillons au salut de l'Empire» hadde vore den uoffisielle nasjonalsongen under Napoleon.