Hjalmar Balduin Gjertz () var ein norsk embetsmann og politikar frå Kristiania. Han var stortingsmann frå Kongsberg i 1874-76.
Gjertz var son til ein by-/rådstuskrivar. Etter han vart student i 1840, studerte han jus og var cand.jur. i 1845. Dei neste sju åra var han fullmektig hos ein sorenskrivar. Frå 1852 arbeidde han i Justisdepartementet; kopist frå 1852, fullmektig frå 1857, byråsjef frå 1859. I 1865 vart han utnemnd til sorenskrivar i Numedal og Sandsvær, eit embete han hadde til 1893.
Gjertz representerte valkrinsen Kongsberg på Stortinget perioden 1874-76. Han var sekretær 1874 i Næringskomite nr 1, og 1875-76 i Næringskomite nr 2. I 1875 fekk han plass i den kongelege kommisjonen om bergverkslova.
Gjertz var ugift, og flytta tibake til hovudstaden etter han slutta som sorenskrivar.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kongsberg Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Oslo