Driftless Pony Club er eit amerikansk indie rock-band som opphavleg kjem frå Wisconsin. Medlemmane i bandet er Craig Benzine (vokal, gitar), Matt Weber (keyboard, gitar), Sam Grant (bass) og Nate Bartley (trommer). Flesteparten av medlemmane i gruppa bur no i Chicago i Illinois. Bandet er mellom anna inspirert av Modest Mouse, Weezer og Pixies.driftlessponyclub.com Press Benzine er kjend på Youtube under aliaset WheezyWaiter. Musikken deira er brukt i sitcom-nettserien MyMusic, mellom anna er «House of 1982 Built Like a Ship» opningssongen i serien.
Det fyrste albumet, Janel, vart gjeve ut på Sector Five Records, medan det andre, Cholera, vart gjeve ut på Sector Five Records og Two Thumbs Down Records. Frå og med EP-en Expert har alt vore gjeve ut på DFTBA Records.Discogs Driftless Pony Clubrateyourmusic.com Zastera
Diskografi
Janel (2004) Cholera (2006) Expert (2009) Buckminster (2011) Magnificent (2012) Zastera (2016)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske indierockgrupper