«Friends Will Be Friends» er ein song framført av Queen og skriven av Freddie Mercury og John Deacon, frå albumet A Kind of Magic i 1986. Han var den 30. singelen som vart gjeven ut i Storbritannia då han kom den 9. juni 1986. Singelen nådde 14. plassen i Storbritannia.

«Friends Will Be Friends» vart framført på konsertane under The Magic-turneen. Songen var den første og einaste som vart sungen på slutten av konsertane mellom «We Will Rock You» og «We Are the Champions» sidan News of the World-turneen i 1977.

Songen finst på fleire samlealbum av Queen, som Greatest Hits II, Greatest Flix II og Greatest Video Hits II.

Musikalsk arrangement Songen er spelt inn i G-dur, og er dominert av den melodiske gitaren til Brian May. Ein variasjon av dette finst på konsertalbumet Live At Wembley '86, der songen vert spelt i F-dur. Songen skil seg frå mange andre Queen-singlar ved at han ikkje har eit mellomspel eller gitarsolo.

Musikkvideo Videoen vart regissert av DoRo og filma JVC Studios i Wembley i mai 1986 der bandet spelar føre fansen. Frontmannen Freddie Mercury tar ein high five med publikum og mot slutten av videoen forsvinn musikken medan publikum fortset å syngje.

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano, synthesiser, sampler Brian May - elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor - trommer, korvokal John Deacon - bassgitar, rytmegitar Spike Edney - klaverinstrument

Lister Liste (1986)PlasseringNederlandDutchcharts.nl16Den tyske singellistaMusiconline.de20Irish Singles ChartIrishcharts.ie4New Zealand50Den sveitsiske singellistaSwisscharts.com19UK Singles ChartChartstats.com14

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Friends Will Be Friends» frå , den 24. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisielle YouTube-videoar: musikkvideo, musikkvideo (VEVO) Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar skrivne av John Deacon Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar