«The Miracle» er ein song av Queen frå 1989 på albumet med same namn. Han vart gjeven ut som den femte singelen frå albumet og vart skriven av heile bandet, med Freddie Mercury og John Deacon som dei største bidragsytarane.QUEEN + PAUL RODGERS TOUR SPRING 2005 . Brianmay.com. Henta 25. juli 2016. Songen vart gjeven ut som singel seint i november 1989, seks månader etter albumet.

Omslaget til singelen baserte seg på omslaget til albumet omgjort til eit hologram-aktig bilete. B-sida til singelen var ein konsertversjon av songen «Stone Cold Crazy».

Ideen til songen kom frå Freddie Mercury og John Deacon, som skreiv grunnstrukturen til songen. Alle fire medverka med tekst og musikalske idear, og songen er tilskriven heile bandet, sidan dei vart samde om å gjere dette under innspelinga av heile albumet, uansett kven som var låtskrivar. Både Mercury og May rekna songen som ein av favorittane sine, medan Taylor sa det ikkje var ein av hans favorittar, men respekterte han som «ein særs kompleks song».

Songen skildrar fleire av «Guds skapningar, store og små», som store byggverk som Taj Mahal og Babeltårnet, alle skildra som «miraklar» i songen, men mirakelet som «me alle ventar på» er «fred på jorda og slutt på all krig». Songen referer til kjende personar som Kaptein Cook, Kain og Abel og Jimi Hendrix.

Musikkvideo Musikkvideoen til songen inneheld fire unge gutar som ein trur er Paul Howard som Brian May, James Currie som John Deacon, Adam Gladdish som Roger Taylor og den då ukjende Ross McCall som Freddie Mercury. Dei spelar som Queen på scenen. Gjennom videoen spelar McCall fire forskjellige versjonar av Mercury, frå 1970-åra og fram til då. Queen sjølv dukkar opp mot slutten av videoen.

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano, synthesiser Brian May - elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor - trommer, korvokal John Deacon - bassgitar

Lister Liste (1989)PlasseringVeker på listaDen nederlandske singellistahttp://www.dutchcharts.nl/169Den tyske singellistahttp://www.musicline.de/784Irish Singles Charthttp://www.irishcharts.ie/231UK Singles Charthttp://www.chartstats.com/215

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Miracle (song)» frå , den 25. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Tekst på den offisielle nettsida til Queen (frå The Singles Collection Volume 4)

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Antikrigssongar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Songar skrivne av John Deacon Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar