«There Must Be More To Life Than This» er ein song av Queen-songaren Freddie Mercury frå det første soloalbumet hans Mr. Bad Guy, utgjeven i 1985. Songen vart opphavleg spelt inn av bandet til Mercury, Queen, for albumet Hot Space i 1982, men kom ikkje med på den endelege versjonen av albumet. Songen vart først spelt inn som ein duett mellom Mercury og Michael Jackson i lag med to andre songar, «State of Shock» (som kom ut i 1984 av The Jacksons med Mick Jagger) og «Victory» (som ikkje er gjeven ut).
Queen- og Michael Jackson-versjonen
Etter Michael Jackson døydde i 2009, prøvde Queen-gitaristen Brian May og trommeslagaren Roger Taylor å få gjeve ut dei tre duettane mellom Mercury og Jackson i 2012. Roger Taylor kommenterte at å arbeide med Michael Jackson Estate var som å «vasse i lim».http://www.standard.co.uk/showbiz/celebrity-news/freddie-mercury-s-duet-with-michael-jackson-could-be-rocking-you-this-year-says-queen-s-roger-taylor-9693675.html Til slutt kom dei to partane fram til ein avtale om at berre «There Must Be More to Life Than This» kunne gjevast ut.
Versjonen som finst på Queen Forever vart produsert og miksa av William Orbit, og inneheld det originale akkompagnementet frå Hot Space-innspelinga med May på gitar, Taylor på trommer og John Deacon på bass. Ein alterantiv miks av May finst, men dei valde å nytte Orbit-miksen i staden.
Medverkande Freddie Mercury - solovokal, piano Brian May - gitarar John Deacon - bassgitar Roger Taylor - trommer, perkusjon Michael Jackson - solovokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «There Must Be More to Life Than This» frå , den 1. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Freddie Mercury-songar Kategori:Songar produserte av William Orbit Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Michael Jackson-songar Kategori:Queen-songar