Clifford «Cliff» Davies () var ein britisk trommeslagar, låtskrivar og produsent.

Karriere

Davies starta karrieren sin i Roy Young Band tidleg i 1970-åra, før han vart med i den andre inkarnasjonen av det britiske jazzrockbandet If frå 1972 til 1975. Han spelte på fire album av bandet. Etter If vart oppløyst byrja Davies å spele med den amerikanske hardrockgitaristen Ted Nugent frå 1975 til 1982 som trommeslagar, produsent og/eller medprodusent på alle Nugent-innspelingane i den perioden. Som produsent samarbeidde han stundom med Lew Futterman, som òg hadde produsert If.

I 1980-åra arbeidde han for Next City Productions, òg eigd av Futterman, i New York City og spelte inn plater med mellom andre Grand Funk Railroad. Sidan seint i 1990-åra heldt han til i Atlanta og arbeidd som piano- og trommelærar. Davies vart funnen død i heimen sin 13. april 2008 etter å ha skote seg sjølv.

Diskografi

Med If Waterfall (1972) Double Diamond (1973) Not Just Another Bunch of Pretty Faces (1974) Tea Break Over, Back on Your 'Eads (1975)

Med Ted Nugent Ted Nugent Free-for-All Cat Scratch Fever Double Live Gonzo Weekend Warriors State of Shock Scream Dream Intensities in 10 Cities

Andre Whitehorn (1974) - Geoff Whitehorn In the Red (1983) - Fist

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cliff Davies» frå , den 4. august 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Rock and Roll Remembers Foundation Biografi av Bruce Jeansonne

Kategori:Musikarar døde av sjølvmord Kategori:Engelske rocketrommeslagarar Kategori:Engelske plateprodusentar