«I Just Don't Know What to Do with Myself» er ein song skriven av Burt Bacharach og Hal David.

Originalversjon «I Just Don't Know What to Do With Myself» vart først spelt inn av Tommy Hunt i ei innspeling produsert av Jerry Leiber og Mike Stoller, med Burt Bacharach som arrangør og dirigent. Han vart gjeven ut som singelen Scepter 1236 (B-side «And I Never Knew») i mai 1962, men selde dårleg. Songen var tittelsporet på det einaste albumet Hunt gav ut på Scepter, i april 1963. Sommaren 1964 hadde Dusty Springfield suksess med sin versjon av «I Just Don't Know...» i Storbritannia, og dette førte til at Scepter gav ut originalen på ny, og denne gongen nådde han Bubbling Under Hot 100 Singles i Billboard med ein 119. plass. Det skulle vise seg at den første versjonen av denne songen ikkje vart spelt inn av Hunt, men av Chuck Jackson, òg i 1962. Jackson-versjonen vart skrinlagd og først gjeve ut på ei samleplate i 1984 kalla Mr. Emotion. I følgje teksten i omslaget til dette albumet vart vokalen til Tommy Hunt erstatta med Jackson sin, medan det originale akkompagnementet var det same.

Dusty Springfield Dusty Springfield spelte inn «I Just Don't Know What to Do with Myself» i ei innspeling i Olympic Studios i Westminster produsert av Philips Records-eigaren Johnny Franz - sjølv om Springfield seinare sa at ho produserte innspelinga sjølv. Innspelinga var arrangert av Ivor Raymonde som dirigerte orkesteret sitt. Andre medverkande på innspelinga var Big Jim Sullivan på gitar og Bobby Graham på trommer. Springfield, som hadde spelt inn Bacharach/David-songane «Anyone Who Had a Heart» og «Wishin' and Hopin'» som dei første innspelingane sine, henta attende «I Just Don't Know...» frå ei reise til New York City der ho møtte Bacharach i februar 1964.

Det var den tredje britiske singelen til Springfield og den første utgjevinga hennar med den særeigne vokalstilen hennar. Singelen nådde tredjeplassen sommaren 1964 og var den største hitten hennar fram til ho nådde toppen av den britiske singellista med «You Don't Have to Say You Love Me» i 1966. I USA kom singelen først ut i oktober 1965, men nådde ikkje salslista der.

Dionne Warwick Dionne Warwick spelte inn «I Just Don't Know What to Do with Myself» i Bell Sound Studios i august 1966 med Burt Bacharach som produsent. Songen kmo ut i september og vart ein moderat suksess med ein 26. plass på Hot 100 (20. plass på R&B-lista). Etter «Message to Michael» og «Trains and Boats and Planes» var Warwick sin «I Just Don't Know...» den tredje singelen hennar å rad med ein tidlegare innspelt Bacharach/David-song og det same var den neste singelen hennar, «Alfie». Tre av desse fire kom ut på albumet hennar Here Where There Is Love i 1967.

Andre versjonar 1964: Ein fransk versjon av songen av Michèle Vendôme og Claude Carrère, «Oui, il faut croire», vart gjeven ut av yéyé-songaren Sheila. 1968: Ein italiensk versjon av Franco Migliacci, «Se mi vuoi bene», vart spelt inn av Patty Pravo. Den originale engelske versjonen vart spelt inn av Cissy Houston same året. 1970: I oktober 1970 vart ein Richard Perry-produsert versjon av songen gjeve ut som den første solosingelen til Gary Puckett. Songen nådde 61. plassen på Hot 100-lista og ein 14. plass på Easy Listening-lista. Isaac Hayes gav ut sin versjon av songen same året. 1972: The Dells. 1976: Marcia Hines nådde sjetteplassen på den australske poplista i 1976 med sin versjon, produsert av Robie Porter. 1978: Elvis Costello & The Attractions; Demis Roussos. Costello skreiv seinare om sin versjon: «Det var eit mål på kor bakfram ting var i 1977 at somme folk trudde det var ein spøk då The Attractions og eg byrja å spele «I Just Don't Know What to Do with Myself». Eg var ikkje ironisk. Eg var ekstremt bokstavleg.» 1980: The Photos (med Wendy Wu). 1991: The Stylistics. 1994: Linda Ronstadt. 1997: Filmmusikken til My Best Friend's Wedding inneheld ein versjon av Nicky Holland. I filmen syng Cameron Diaz songen i ein karaokescene. 2003: Steve Tyrell (2003). Same året vart «I Just Don't Know What to Do with Myself» gjeve ut på singel av det amerikanske alternative rockebandet The White Stripes. Det var den andre singelen deira frå albumet Elephant. Musikkvideoen er filma i svartkvitt der Kate Moss dansar kring ei strippestang. Videoen var regissert av Sofia Coppola. 2006: Songen vart framført og inkludert på filmmusikkalbumet til Shout! The Mod Musical. 2007: Trijntje Oosterhuis; Tina Arena. 2009: Den skotske popsongaren og låtskrivaren Jimmy Somerville spelte inn songen for albumet Suddenly Last Summer. 2011: Ronan Keating spelte inn songen for albumet When Ronan Met Burt. 2012: Melanie C spelte inn songen for det musikalsk-inspirerte albumet Stages.

I 2002 gav Smokey Robinson and the Miracles ut Away We a Go-Go med ein versjon av «I Just Don't Know What to Do with Myself».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Just Don't Know What to Do with Myself» frå , den 16. august 2016. oppgav desse kjeldene: Serene Dominic. Burt Bacharach, song by song: the ultimate Burt Bacharach reference for fans. Schirmer Trade (New York NY) 2003. ISBN 0-8256-7280-5

Bakgrunnsstoff

White Stripes.net

Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Songar med tekst av Hal David Kategori:Songar med musikk av Burt Bacharach Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Singlar frå 2003 Kategori:Dionne Warwick-songar Kategori:Dusty Springfield-songar Kategori:Cissy Houston-songar Kategori:Linda Ronstadt-songar Kategori:Isaac Hayes-songar Kategori:Elvis Costello-songar Kategori:The White Stripes-songar Kategori:Ronan Keating-songar Kategori:Melanie C-songar Kategori:Smokey Robinson-songar Kategori:XL Recordings-singlar Kategori:Philips Records-singlar Kategori:Scepter Records-singlar Kategori:Songar produserte av Johnny Franz