Black Moses er det femte studioalbumet til den amerikanske soulartisten Isaac Hayes. Det er eit dobbeltalbum gjeve ut på Stax Records-etiketten Enterprise i 1971. Det er oppfølgjaren til det suksessrike filmmusikkalbumet til Hayes for Shaft (som òg var eit dobbeltalbum) og inneheld Hayes sin versjon av hitsingelen til The Jackson 5, «Never Can Say Goodbye». Hayes-versjonen vart òg ein hit og nådde 22. plassen på Billboard Hot 100.

Bakgrunn I tillegg til «Never Can Say Goodbye», var andre songar på Black Moses coverversjonar av songar gjort populære av The Carpenters («(They Long to Be) Close to You», Toussaint McCall («Nothing Takes the Place of You»), The Friends of Distinction («Going in Circles»), Dionne Warwick («I'll Never Fall in Love Again») og Little Johnny Taylor («Part Time Love»). Hayes kalla Black Moses det mest personlege albumet hans.Bowman (1997), p.237–240

Den same samplinga frå «Ike's Rap II» vart nytta i fire forskjellige songar omtrent samstundes i midten av 1990-åra: «Hell Is Around The Corner» av Tricky, «Glory Box» av Portishead, «Jorge da Capadócia» og «Salve», begge av den brasilianske rapgruppa Racionais MC's. «Ike's Rap II» vart òg sampla av Alessia Cara på songen hennar «Here» i 2014.

Albumtittelen kom frå kallenamnet til Stax-sjefen Dino Woodward på Hayes, som han gav musikakren etter å ha samanlikna effekten musikken hans hadde på det svarte publikummet med den bibelske personen Moses. Den då djupt kristne Hayes prøvde å unngå dette kallenamnet og meinte det var «vanheilag», sjølv om journalisten Chester Higgins populariserte kallenamnet «Black Moses» i ein artikkel han skreiv om Hayes for Jet. Hayes såg sidan «Black Moses» som eit symbol for black pride: «Svarte menn kan endeleg stå opp og vere menn fordi her er Black Moses; han er personifiseringa av svart maskulinitet. Lenkjer som ein gong representerte trelldom og slaveri kan no vere teikn på makt og styrke og seksualitet og manndom»

Larry Shaw, som leia marknadsføringa til Stax, kom opp med ideen om å kalle albumet Black Moses. Han og Bar-Kays-medlemmmet Ron Gordon kom på at albumet burde kunne brettast ut og syne eit bilete av Hayes kledd i bibelskinspirerte klede som «Svarte Moses».

Innhald

Medverkande Isaac Hayes - solo- og korvokal «Hot», «Buttered» og «Soul»: korvokal The Bar-Kays, instrumentering: «(They Long to Be) Close to You» og «Going in Circles» Instrumentering på alle andre songar av The Isaac Hayes Movement: Piano, vibrafon, orgel, elektrisk piano - Isaac Hayes Bass - Ronnie Hudson Bongo, conga - Gary Jones Trommer, tamburin - Willie Hall Elektrik piano - Lester Snell Gitar - Charles «Skip» Pitts Piano - Sidney Kirk Arrangert av Isaac Hayes & Johnny Allen, utanom «(They Long To Be) Close to You» av Isaac Hayes & Dale Warren Lydteknikarar: Ron Capone, William Brown, Henry Bush, Eddie Marion, Dave Purple Miksing: Ron Capone, Dave Purple og Isaac Hayes

Samplingar Portishead nytta ein sampling av «Ike's Rap II» i songen «Glory Box». Same året, i 1995, brukte Tricky den same samplinga i songen sin «Hell Is Round The Corner». Den kanadisk songaren Alessia Cara sampla «Ike's Rap II» på debutsingelen hennar «Here». «Ike's Rap III» vart sampla av Cormega på songen «Love in Love Out».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Black Moses» frå , den 17. august 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Isaac Hayes-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Stax Records-album Kategori:Album produserte av Isaac Hayes Kategori:Plateomslag av Joel Brodsky