Adrian Frederick «H» Smith () er ein engelsk gitarist, mest kjend som medlem av Iron Maiden. Han har skrive songar og syng korvokal på somme songar for bandet.

Smith voks opp i Camden i London og vart interessert i rock 15 år gammal. Han danna etter kort tid eit venskap med den framtidige Iron Maiden-gitaristen Dave Murray, som inspirerte han til å byrje og spele gitar. Då han var ferdig på skulen på 16 år, danna han eit band kalla Urchin, som han leia fram til dei vart oppløyst i 1980. Han kom med i Iron Maiden i november 1980 og erstatta Dennis Stratton. Etter eit kortvarlig soloprosjekt kalla ASAP, slutta han i Iron Maiden i 1990 og danna ei gruppe kalla Psycho Motel. I 1997 vart Psycho Motel sett på vent då han igjen vart med i bandet til Iron Maiden-songaren Bruce Dickinson. Smith og Dickinson kom begge attende til Iron Maiden i 1999, og opplevde ny suksess med bandet. Smith har for tida eit sideprosjekt kalla Primal Rock Rebellion.

Diskografi Urchin «Black Leather Fantasy» (1977) «She's A Roller» (1977) Urchin (2004) – Samleplate

Iron Maiden Killers (1981) The Number of the Beast (1982) Piece of Mind (1983) Powerslave (1984) Somewhere in Time (1986) Seventh Son of a Seventh Son (1988) Brave New World (2000) Dance of Death (2003) A Matter of Life and Death (2006) The Final Frontier (2010) The Book of Souls (2015)

A.S.A.P. Silver and Gold (1989) Psycho Motel State of Mind (1996) Welcome to the World (1997)

Bruce Dickinson Accident of Birth (1997) The Chemical Wedding (1998)

Primal Rock Rebellion Awoken Broken (2012)

Som gjestemusikar Earthshaker – Earthshaker (1983) – «Dark Angels (Animals)» (berre låtskrivar) Hear 'n Aid – «Stars» (1985) Iron Maiden – Live at Donington (1992) – «Running Free» Michael Kiske – Instant Clarity (1996) – «The Calling», «New Horizons», «Hunted» Humanary Stew: A Tribute to Alice Cooper (òg gjeve ut som Welcome to Nightmare: An All-Star Salute To Alice Cooper) (1998) – «Black Widow» Dave Colwell – Guitars, Beers & Tears (2010) – Solovokal på «Reach Out», solovokal og sologitar på «Make Up Your Mind» Kym Mazelle – Destiny (2010) – Låtskrivar, produsent, gitar, bass og korvokal på «My Shoes» The Royal Philharmonic Orchestra Plays the Music of Rush (2012) – «Red Barchetta» Celtic Pride – Light Up The Sky (2012) – Gitarsolo på «The Patriot»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Adrian Smith» frå , den 21. august 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Iron Maiden-medlemmar Kategori:Engelske heavy metal-gitaristar Kategori:Engelske songarar Kategori:Folk frå Hackney Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Sologitaristar Kategori:Musikarar frå London Kategori:Engelske heavy metal-songarar Kategori:Engelske rockesongarar