Skjor (Pica pica) eller skate er ein stor fugl i kråkefamilien. Ho er standfugl i Europa, store delar av Asia og i Nordvest-Afrika, og er vanleg å sjå i Noreg.
Skildring Skjora er ein langstjerta fugl med eit karakteristisk mønster i svart og kvitt. Dei svarte fjørene har ein metallskinnande glans i blått, grønt og lilla. Ho kan også vere heilt kvit (albino), som vist på biletet under.
mini|venstre|Sitjande skjor.
Skjora trivst best i ope landskap, og ho lever i heile Noreg, heilt opp til bjørkebeltet. Ho er ein standfugl, det vil seie at ho er her heile året.
Skjora er altetar. Skjora drep sjeldan byttet sjølv, sidan ho er ein åtselfugl slik som slektningane sine, kråka og ramnen.
Skjora byggjer reir i tre, buskar, under husmøne osb. Alt etter om ho legg reiret høgt eller langt nede i eit tre, har frå gammalt av vore vermerke for resten av sommaren.Jarlsberg avis Ho legg 6-8 egg i april-mai. Rugetida er 17-19 dagar.
Galleri
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kråkefamilien Kategori:Fuglar i Noreg