mini|Eit av dei gotiske rosevindauga i Notre-Dame de Paris. mini|venstre|Rosevindauge i Nidarosdomen. Rosevindauge er eit stort, rundt vindauge som er sett inn i fronten og tverrskipgavlane i ei kyrkje eller ein katedral. Denne typen vindauge er særleg kjend frå gotisk kyrkjearkitektur der rosevindauge er fylte ut med glasmåleri og plasserte øvst i gavlpartiet i frontveggen.
I samband med restaureringa av Nidarosdomen fekk kyrkja eit stort rosevindauge i vestfronten teikna av Olaf Nordhagen og med glasmåleri av Gabriel Kielland.
Kjelder
Kategori:Glaskunst Kategori:Kyrkjekunst Kategori:Bygningsdetaljar