Mandal kyrkje er ei trekyrkje i Lindesnes kommune i Agder fylke. Dette er den største trekyrkja i Noreg. Ho har om lag 1 000 sitjeplassar og er eit av dei største trebygga i Noreg. Kyrkja vart bygd etter bybrannen i 1810, og vart teken i bruk i 1819Eldal (2002), s. 72. og offisielt innvigd i 1821.Kyrkjesøk. Før brannen stod ei steinkyrkje frå mellomalderen på det gamle torget nede i byen. Dette var tidlegare sentrum i byen.
Byggjestil mini|venstre|Kortveggen med det klassisistiske inngangspartiet Mandal kyrkje er bygd i empire, som legg vekt på det reine og enkle, med førebilete i gammal gresk og romersk arkitektur. Ho er den største trekyrkja i Noreg og det første store monumentalbygget som vart reist etter unionsoppløysinga med Danmark. Sjølv om veggane er av bindingsverk og tegl, er kyrkja kledd med panel og vert derfor rekna som trekyrkje. Dimensjonane på treverket er usedvanlig store, og arbeidet er spesielt godt utført. På grunn av byggjestilen er det lite utsmykking i kyrkjesalen.
Orgel Orgelet er i dag ein sjeldan representant for sin tidsepoke. Faktisk vert ikkje pneumatiske orgel som dette laga lenger, sidan dei treng svært mykje vedlikehald. Dette vart installert i 1923. Det er bygd av Oscar Walcker i firmaet W. Sauer i Frankfurt an der Oder. At det er pneumatisk, tyder at orgelet vert drive med tilstrøyming av luft (til forskjell frå mekanisk og elektronisk drivverk). Orgelet har 1 500 piper fordelt på 32 stemmer.
Forfall og behov for restaurering I 2014 fann ein ut at kyrkja hadde omfattande angrep av hussopp og råte i berande konstruksjonar.Mandal kirke angrepet av råte , besøkt 12. september 2016 Reparasjonskostnadane vart stipulert til 300-400.000 kroner, men korkje Riksantivaren eller Fylkeskonservatoren hadde middel til reparasjon/vedlikehald av offentlege bygg.Foreslår spleiselag for å redde Mandal kirke, besøkt 12. september 2016 Heller ikkje kommunen hadde økonomi til å gjere noko med forfallet.- Kirkens forfall er uakseptabelt , besøkt 12. september 2016
Den omfattande restaureringa av den gamle trekyrkja byrja sommaren 2015.
Fotnotar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wikipedia» frå , den 12. september 2016.
Bakgrunnsstoff
Mandal kyrkjelege fellesråd
Kategori:Kyrkjer i Lindesnes Kategori:Kulturminne i Lindesnes Kategori:Kyrkjer i Lister og Mandal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1821 Kategori:Byggverk i empirestil