Brianna Rollins () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Miami i Florida. Ho vart verdsmeister i 100 meter hekk i 2013 og olympisk meister i 2016. Hennar personlege rekord på korthekken frå 2013 er på 12,26 sekund.

Aktiv I 2012 vart Rollins nummer 6 i det nasjonale OL-uttaket i USA i 100 m hekk, og ho sette personbeste med tida 12,70. Under den USA-amerikanske meisterskapen i Des Moines den 22. juni 2013 overraska ho stort ved å forbetre den nasjonale rekorden på korthekken til 12,26, sju hundredels sekund under den 13 år gamle rekorden til Gail Devers. Ved verdsmeisterskapen i Moskva i august sikra ho seg gullmedaljen med eit løp på 12,44 sekund, seks hundredelar av eit sekund føre Sally Pearson frå Australia. Korkje i 2014 eller -15 noterte Rollins seg for tider betre enn 12,53 sekund. I 2016 sigra ho ved det nasjonale OL-uttaket i Eugene på sterke 12,34. 17. august vann ho den olympiske gullmedaljen på 100 meter hekk i Rio de Janeiro, med god margin til lagvenninnene Nia Ali og Kristi Castlin på sølv- og bronseplass. Etter dopingdom kom Rollins tilbake i 2018 og presterte sterke 12,38 då ho vann i Stockholm i juni. Året etter gjorde ho årsbeste 12,61 ved VM-uttaket i Des Moines, men i verdsmeisterskapen tjuvstarta ho og la deretter opp.

Doping Hausten 2016 møtte ikkje Rollins opp til tre doping-testar. For dette regelbrotet vart ho sett utanfor friidretten i 12 månader.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 12,44, framom Sally Pearson (12,50) VM 2015 i Beijing: Nr 4 – 12,67 OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 12,48, framom Nia Ali (12,59) VM 2019 i Doha: Diskvalifisert i forsøket

Kjelder World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Brianna Rollins» frå , den 9. mai 2026.

Kategori:Hekkeløparar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Folk frå Miami