Keith R. Laws () er ein professor i neuropsykologi ved School of Psychology ved University of Hertfordshire. Han har skrive over 100 artiklar og ei bok kalla Category-Specificity: Evidence for Modularity of Mind.
Musikalsk karriere
Laws dreiv tidleg med eksperimentell musikk, og var med å starte opp post-punk-bandet The The.
I følgje bandkollegaen Matt Johnson var det Laws som kom på bandnamnet. Laws svarte på ei annonse som Johnson hadde sett inn i NME i 1978, der han søkte musikarar til bandet sitt. The The spelte inn ein singel for 4AD som ein duo, «Controversial Subject»/«Black and White». Han var produsert av Bruce Gilbert og Graham Lewis frå Wire og Laws spelte synthesiser og song, medan Matt Johnson spelte gitar og medverka med vokal.
Laws og Johnson spelte som The The på konsertar med Wire, Cabaret Voltaire, DAF, This Heat, The Birthday Party og Scritti Politti.
Tidleg i 1981 medverka The The òg med songen «Untitled» for The Some Bizzare Album. I september det året fekk duoen Johnson og Laws avtale med Some Bizzare Records, og gav ut singelen «Cold Spell Ahead». Etter dei siste demoinnspelingane for Phonogram - «Three Orange Kisses for Kazan», «Waiting for the Upturn» - slutta Laws for å studere, og Johnson vart att som soloartist, men fortsette å bruke bandnamnet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Keith Laws» frå , den 14. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Department of Psychology, University of Hertfordshire Staff Directory Keith Laws on Academia.edu Keith Laws on Psychreg
Kategori:Britiske psykologar Kategori:Elevar ved University of Cambridge Kategori:Tilsette ved University of Hertfordshire Kategori:Britiske klaverspelarar Kategori:Britiske songarar Kategori:The The-medlemmar