Dominikanarklosteret i Trondheim låg ved krysset mellom Kjøpmannsgata og Bruveita i Trondheim sentrum. Det vart grunnlagt ein gong før 1234, og er hyppig omtalt i skriftlege kjelder gjennom mellomalderen. Truleg har anlegget forfalle relativt raskt etter reformasjonen, men det vert nemnt at det unngjekk å gå med i bybrannen i 1531.
Ved tilfeldig graving i området er det fleire gonger registrert funn av murfundament, men funna er vanskelege å tolka. Det er mogleg at kyrkja har lege parallelt med og vest for Bruveita, og at kora har lege ute i det som no er Kjøpmannsgata. Murane i Bispegata 4 kan vera deler av klosterfløyene.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dominikanerklosteret i Trondheim» frå , den 18. september 2016.
Bakgrunnsstoff
Lunde, 0. (1977): Trondheims fortid i bygrunnen. Trondheim. (Riksantikvarens skrifter, nr. 2) s. 216-218. Kategori:Kulturminne i Trondheim Kategori:Tidlegare kloster i Noreg Kategori:Norsk mellomalderarkitektur