«A Touch of Evil» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå albumet Painkiller frå 1990. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i 1991.
Oversyn Han er den einaste songoen som er skriven i lag med produsenten Chris Tsangarides, som skreiv gitarriffet til songen, medan resten av songen vart skriven av dei vanlege låtskrivarane Rob Halford, K.K. Downing og Glenn Tipton. Tsangarides skreiv fleire songar i lag med Tipton elleve år seinare for Judas Priest-albumet Demolition, som kom i 2001.
Det er den einaste songen på albumet der bandet brukar synthesizer (som opphavleg vart brukt på fleire songar, men fjerna). Desse synthesizerane vart spelt av Don Airey. På konsertane vart synth-partia erstatta av gitarriff.
Teksten handlar om demonbesettelse, svart magi og freistinga til å gjere vonde handlingar. I følgje Halford sjølv har teksten eit metaforisk kjærleikstema.
Songen har ein klassisk-inspirert gitarsolo av Glenn Tipton.
Medverkande Rob Halford – vokal Glenn Tipton – sologitar K.K. Downing – rytmegitar Ian Hill – bass Scott Travis – trommer
med: Don Airey – synthesizer
Musikkvideo Ein musikkvideo vart laga for songen og syner kvart element av teksten i songen. Ein ung gut har visjonar av forskjellige ting, med glimt av bandet som spelar songen innimellom. Songen vart redigert for musikkvideoen, frå 5:42 på albumet til 4:54.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «A Touch of Evil» frå , den 21. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1990 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Judas Priest-songar Kategori:Songar skrivne av Glenn Tipton Kategori:Songar skrivne av K.K. Downing Kategori:Songar skrivne av Rob Halford Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Heavy metal-balladar