Kanadabekkasin (Gallinago delicata) er ein mellomstor, tettvaksen vadefugl i snipefamilien med eit langt nebb. Arten har utbreiing frå nordlege Sør-Amerika og nordover over det meste av Mellom-Amerika, Karibia og Nord-Amerika. Denne bekkasinen var tidlegare rekna som ein underart av enkeltbekkasin (G. gallinago). Kanadabekkasin skil seg frå enkeltbekkasin i å ha ein smalare kvit bakkant på vengene, og åtte par halefjører i staden for dei typiske sju hos enkeltbekkasin.

Skildring Vaksne er 26-28 centimeter i lengd med 40-47 cm vengespenn. Dei har korte, skittengule bein og eit særs langt, rett og mørkt nebb. Kroppen er spraglete brun på oversida og bleik under. Dei har eit mørkt augestrek, med lyse striper over og under den. Vengene er spisse. Kjønna er mykje like, men hofuglar har lengre nebb og kortare hale enn hannfuglar. Fjørdrakta for vaksne endrar seg ikkje gjennom sesongane. Dette er godt kamuflerte fuglar, dei er vanlegvis sky og skjuler seg i vegetasjonen. Om dei flyg opp skjer det med ein serie av retningsendringar for å forvirre predatorar.

Arten hekkar over det meste av Alaska og Canada, unntatt øyane i det kanadiske polararkipelet. Dessutan i nordlege USA. Dei er flyttfuglar, trekker til Nord-Amerika sør for hekkeområdet, Mellom-Amerika, Karibia, Colombia og Venezuela. I nordvestlege og sentrale USA kan kanadabekkasinar leve året rundt. Habitata for denne arten er prega av opne, myrlendte eller graskledde område gjerne nær innsjøar og elver, også i taiga lengst nord, men dei unngår tett vegetasjon. I Sør-Amerika òg i páramo økosystem opp mot 4000 moh.

Dei beitar i mjuk gjørme, søker djupt med nebbet utan å løfte det opp, eller plukkar opp mat ved synet. Føda er insektlarver, insekt, meitemark, blautdyr og plantematerialar.

Akkurat som enkeltbekkasinen har hannen av kanadabekkasin fluktspel i hekkesesongen og gjer ein mekrande lyd.Opptak av læte tilgjengeleg frå xeno-canto.org

Populasjonen av kanadabekkasin vart redusert mot slutten av det 1800-talet av jakt og habitatøydelegging. Han er i dag estimert til ca. 2 mill individ og er trudd å vere svakt aukande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wilson's Snipe» frå , den 25. september 2016.

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:snipefamilien Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen Kategori:Fuglar i den nearktiske regionen‎