Helge Thomassen Offerdahl () var ein norsk apotekar og sakprosaforfattar frå Årdal.
Offerdahl gjekk i apotekarlære i Lærdal 1873-1877 og tok i 1880 apotekareksamen ved Universitetet i Oslo. Etter arbeid ved fleire apotek i Sør-Norge, tok han utdanning i næringsmiddelkjemi i Norge, Sverige og Tyskland. I Bergen vart han lærar og sensor i kjemi, retts- og politikjemikar og kjemisk konsulent ved Bergen Tollkammer. Han skipa Bergen Farmasøitiske Forening i 1895.
Offerdahl gjekk i 1912 i spissen for å skipa De-No-Fa A/S, som baserte seg på framstilling av margarin og andre matvarer av kvalolje. Det var næringskjemikaren Offerdahl som frå 1905 stod for det banebrytande arbeidet med å utvikla margarin av kvaloljen ved å herda feittet. For å overtyda skeptikarane om at kvalolje kunne nyttast som menneskeføde, brukte han seg sjølv som testperson og åt store mengdar kvalfeitt! I katalysatorprosessen vart det også nedfelt nikkel i feittet. Offerdahl åt også 500 mg reint nikkel dagleg i 30 dagar for å vise at det ikkje var skadeleg for menneske. Margarin av kvalfeitt var på store delar av 1900-talet det viktigaste «erstatningssmøret» i hushaldningane.
Offerdahl var medlem av styret i De-No-Fa A/S 1912-1922, og i representantskapet 1922-1938.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval
Kjelder Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Bygdebok for Årdal Band 2. Kulturbandet . 1978
Bakgrunnsstoff Om Helge T. Offerdahl i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Forfattarar frå Årdal Kategori:Norske apotekarar